Hopp til innhold

Siktar føraren av vogntoget

Føraren av traileren som byrja å brenne i Gudvangatunnelen er no sikta. – Etter avhøyr av fleire vitne kjem det fram at traileren skal ha hatt problem lenge før tunnelbrannen. Med blant anna røyk frå køyretøyet. Føraren vert difor no sikta for å ha ført eit køyretøy han visste ikkje var i forsvarleg stand, seier etterforskningsleiar Per Tomas Klingenberg til NRK.