Sikta kontakta far og bror og ba dei teie

32-åringen som er sikta for å ha drepe Monika Sviglinskaja i 2011, har no brev- og besøksforbod. Årsaka er telefonsamtalar den sikta skal ha hatt med broren og faren.

Monika Sviglinskaja montasje

FORNYA FORBOD: Den 32 år gamle mannen som er sikta for å ha drepe Monika Sviglinskaja i 20011 har fått nytt brev- og besøksforbod. Årsaka er at den sikta skal ha hatt telefonsamtalar med broren og faren sin, og skal ha bede dei om å ikkje snakke med politiet.

Foto: Montasje / Privat/Presttun foto

Den 32 år gamle mannen som er sikta for innbrot og drap på Monika Sviglinskaja i Bergen i 2011, har sete i varetekt sidan 20. oktober i fjor, og fekk før helga nytt brev og besøksforbod av Bergen Tingrett.

Ifølge mannen sin forsvarar, Fredrik Verling, skal bakgrunnen vera at ei rekkje avhøyr med familien til den sikta enno ikkje er gjort, og at politiet difor ikkje ynskjer at den sikta skal kontakte dei, skriv Bergens Tidende.

Ba dei om å ikkje snakke

32-åring skal alt ha ringt faren sin og broren sin, og skal ifølge avisa ha bede dei om å ikkje snakke med politiet. Bergen Tingrett meiner difor at det er sannsynleg at den sikta vil ta seg tent med å kontakte vitna i saka, og såleis prøve å påverke vitneforklaringane deira.

I tillegg skal Monika si mor ha mottatt ein anonym Facebook-melding frå ein person som forklarte at denne personen hadde opplysningar om saka.

Tingretten meiner dette også er grunn til at 32-åringen skal ha brev- og besøksforbod.

Krev å sjå dokument

Den sikta 32-åringen skal den siste tida ha bede om å få sjå til saman 42 dokument.

– Det er ei heil rekkje dokument. Eg har allereie innsyn, men eg ynskjer at han også skal få sjå desse, seier forsvarar Fredrik Verling til avisa.

Dokumenta skal hovudsakleg vera frå etterforskinga den siste tida etter at saka igjen vart opna i 2014. Desse dokumenta handlar om både tekniske prov, og avhøyr av andre vitne.

Det er venta ein vedtak frå Gulating i om den sikta får innsyn i dokumenta i løpet av kort tid.

32-åringen har heile tida nekta for å stå bak drapet på Monika Sviglinskaja.

Siste video

Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.
Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.