Hopp til innhold

Sikta for skremmande oppførsel

Politiet ber om fire veker i varetekt for ein vaksen mann som er sikta for ei rekke mindre forhold. – Det handlar om oppbevaring og bruk av narkotika, køyring i påverka tilstand og utan førarkort, to tjuveri og to tilfelle av skremmande framferd mot sambuar og foreldre, fortel politiadvokat May-Britt Erstad. Vedkommande vart arrestert tysdag, og fengslingsmøtet finn stad i Bergen tingrett i ettermiddag.