Hopp til innhold

Sikta for seksuell omgang med dyr

Mann innrømmer dyresex og å ha hatt overgrepsbilete av barn. Tirsdag vart han fengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll.

Asbjørn Onarheim sitter bak skrivebord i tingretten

Politiadvokat Asbjørn Onarheim ber om fire veker i varetekt for mannen som er sikta for seksuell omgang med dyr og for å ha overgrepsbilete av barn. Bildet er tatt i forbindelse med ei anna sak.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Vi har arrestert ein mann og sikta han for seksuell omgang med dyr og for ha overgrepsbilete av barn, seier politiadvokat Asbjørn Onarheim til Bergensavisen som først omtala saka.

Ifølge politiet skal den seksuelle omgangen med dyr har skjedd på gårdar i bergensområdet over ein lenger periode. Mannen er i 50–60 åra og dyra det skal vera snakk om er storfe.

Arrestert av politimann i sivil

Mannen vart arrestert av politiet måndag og vart i Bergen tingrett tirsdag fengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll. Mannen har teke omtekningstid på kjennelsen.

– Han var arrestert av ein politimann i sivil. Politimannen vart merksam på mannen og mistenksam, seier Onarheim til NRK.

Av hensyn til etterforskinga kan eg ikkje gå i detalj på kvifor politimannen i sivil vart merksam på sikta.

Etter ei ransaking i mannens bustad fant politiet også overgrepsbilete- og filmar av barn. I avhøyr med politiet har mannen erkjent begge forholda som han er sikta for.

- Vidare etterforsking vil avdekka omfanget av materialet vi fann på ransakinga, seier Onarheim til NRK.

Fire veker fengsling

Den sikta vart framstilt for fengsling i Bergen tingrett i føremiddag. Politiet ba om fire veker i varetekt og fekk medhald i retten.

Advokat Kaj Wigum er mannens forsvarer og bekreftar at mannen har erkjent forholda i avhøyr med politiet.

– Utover det har eg ingen ytterlegare kommentarar før fengslingsmøtet, seier Wigum til NRK.