Hopp til innhold

Sikta for seksuell krenking av barn

Ein mannleg barnehagetilsett i slutten av 20-åra er sikta for seksuelt krenkande og uanstendig åtferd mot barn i ein barnehage i Bergen. Det bekreftar politiet overfor BT. Mannen vart arrestert 27. januar og er avhøyrd, men ikkje fengsla. Vedkommande har arbeidd i fleire barnehagar og skular i bergensområdet.