Kvinna i 40-åra vart natt til måndag pågripen på Melkeplassen i Bergen for å ha skremt bilistar med våpen. Over ein periode på fire veker fekk politiet fire naudanrop frå bilistar og forbipasserande som hadde blitt oppsøkt av ein person som sikta på dei med eit handvåpen.
Kvinna tilstod ugjerningane i avhøyr måndag.
- BAKGRUNN:
Tysdag ettermiddag vart kvinna framstilt for fengsling i Bergen tingrett, der påtalemakta ba om fire vekers varetekt.
Starta brann i fjor
Kvinna erkjente straffskuld og samtykka til varetektsfengsling.
Då var siktinga utvida til å også gjelda ein brann i fjor vår. Kvinna tente på fasaden på eit kontor- og butikklokale i Fyllingsdalen.
Det stadfestar politiadvokat Anne Mjelde Myhr.
– Siktinga gjeld fire forhold av skremmande oppførsel med våpen og trugslar på Melkeplassen og ein brann i fjor vår. Brannen skjedde utanfor eit næringsbygg. I tillegg er ho sikta for eitt tilfelle av falsk naudmelding i september 2016, fortel Myhr til NRK.
Det var BA som først fortalde at siktinga var utvidinga.
– Ho opplever at ho treng hjelp
Ifølgje forsvarar Ingvar Frostad erkjente kvinna straffskuld for alle forholda.
– Ho har lagt alle korta på bordet og erkjent dei faktiske forholda. Kvinna har forklart at ho har slite med vanskelegheiter og at desse handlingane er gjort som eit rop om hjelp.
Advokaten kravde full lauslating for den sikta kvinna.
– Ho opplever at ho treng hjelp og at dette ikkje vil vera det beste tiltaket for henne. Samstundes aksepterer ho rettsavgjerda retten har kome fram til, seier Frostad.
Tidlegare dømd
NRK kjenner til at kvinna i 2012 og 2013 tende på bosspann og konteinarar i Loddefjord. I 2013 vart ho dømd til 120 dagars fengsel for mellom anna 18 tilfelle av skadeverk og eitt tilfelle av å bera ulovleg væpna.
Politiadvokat Anne Mjelde Myhr meiner det vil medføra ein stor gjentakingsfare viss kvinna i starten av 40-åra får gå fri. Ho bad difor om fire vekers varetektsfengsling.
– Me meiner det er fare for gjentaking. Dette på bakgrunn av dei fire hendingane berre i januar, der ho har opptredd trugande og skremt folk, seier Myhr.