NRK Meny

Sikta for narkotikaverksemd

Ein mann i 30-åra må i dag møte i Bergen tingrett, sikta for å mellom anna omsetje narkotika. Vedkommande blei arrestert i Bergen sentrum på måndag. Politiet ber om fire veker i varetekt. – Dette er ein person som til stadigheit dukkar opp i område der det vert omsett narkotika, og tidlegare er domfelt for andre høve, seier politiadvokat Rune Malt.