Sikta for drapsforsøk

18-åringen som skal ha knivstukke ein 14 år gamal gut ni gongar på Slåtthaug, er no sikta for drapsforsøk.

Det var berre tilfeldig at livsviktige organ ikkje blei råka då 18-åringen stakk 14-åringen med kniv i brystet og ryggen.

Først blei 18-åringen sikta for lekamsskading med særleg farleg reiskap, men siktinga utvida til drapsforsøk.

 

Krangel hjå 15 år gamal jente

I dag blei 18-åringen framstilt for varetektsfengsling bak lukka dører, skriv BT.

Den dramatiske knivepisoden skjedde på Slåtthaug i Bergen 2. mars i år.

14-åringen og 18-åringen hamna i krangel på soverommet til ei 15 år gamal jente, og enda med at 14-åringen blei knivstukken heile ni gongar.

Prega av hendinga

Guten blei liggande livstrugande skadd på intensivandelinga på Haukeland sjukehus.

Tilstanden hans er no betre.

- Etter omstenda har han det bra, men han er naturlegvis svært prega av det han har vore gjennom, seier bistandsadvokat Beate Hamre til BT.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.