Den drapssikta møtte i fengslingsmøtet i Bergen tingrett onsdag ettermiddag. Han var kledd i joggebukse og svart genser.
Han følgde med då politiadvokat, forsvarar, bistandsadvokat og presse kom inn i rettslokalet.
Politiet bad om at møtet gjekk for lukka dører og fekk medhald i det. Like før klokka 14.30 var rettsavgjerda klar. Mannen (36) blir fengsla i fire veker, med brev og besøksforbod.
Den sikta anka fengslinga på staden. Han nektar straffskuld. Han blir framleis tatt hand om av helsevesenet.
– Det er grunna hans psykiske helsetilstand, seier politiadvokat Eli Valheim til NRK etter fengslingsmøtet.
– Drepen med kniv
Det var natt til tysdag at ein politipatrulje vart stogga av ein hardt skadd mann som stod utanfor ei bustadblokk i Nattlandsveien i Bergen.
Opplysningar som kom fram då gjorde at politiet kort tid etter tok seg inn i ein leilegheit saman med helsepersonell. Der fann dei den drepne kvinna (63).
Den drapssikta 36-åringen vart pågripen like ved. Mannen (59) som stogga politipatruljen vart sendt til Haukeland universitetssjukehus og får framleis behandling der.
– Vi har gjort avhøyr av han, og han skal også avhøyrast i dag. Eg kan ikkje seie noko om hans helsetilstand og heller ikkje kva han har forklart. Det står att mange avhøyr og vi er i starten av etterforskinga, seier Valheim.
Den drapssikta har ifølge politiet forklart at han har stukke dei to fornærma med kniv.
– Han nektar straffskuld. Eg kan ikkje gå inn på kva han har forklart om det som har skjedd, seier forsvarar Steinar Moritz Andersen.
Den sikta gav også ein forklaring til tingretten under fengslingsmøtet i dag.
Tatt vare på av helsevesenet
Den drepne kvinna har sju vaksne barn, og bistandsadvokat Thom B. Haaland seier til NRK at familien kjenner på ein botnlaus sorg.
– Dei ser konsekvensen av ei handling. No blir spørsmålet om det kunne vore unngått eller ei, seier Haaland.
Han har i dag vore på sjukehuset og besøkt den skadde 59-åringen.
– Han er svært medtatt, men utanfor livsfare, seier
Haaland seier vidare at familien har vore uroa for den sikta sin helsetilstand. Mannen er kjent for politiet frå før av. Ifølge BT skal fleire straffesaker mot han ha blitt lagt vekk grunna tvil om han er tilrekneleg.
Familien skal ha varsla helsevesenet fleire gonger for at den no drapssikta mannen skulle få hjelp, ifølge avisa.
– Dette er noko politiet vil undersøke vidare i etterforskinga. Vi kjem også til å be sakkunnige vurdere hans psykiske helse, seier politiadvokat Eli Valheim.