Hopp til innhold

Sikta etter bortføringsdrama er avhøyrt

Fire nordmenn sit varetektsfengsla etter at dei skal ha bortført ein austeuropeisk mann tysdag kveld. Onsdag kveld har politiet avhøyrt to av dei fire sikta i saka.

Håndjern Sælenveien

ARRESTERT ETTER BILJAKT: To personar blei arrestert etter at politiet følgte etter ein bil i Bergen tysdag kveld. Fire menn sit varetektsfengsla etter at ein mann skal ha blitt bortført.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Det var tysdag kveld klokka 21.26 at politiet fekk melding om bråk på ei adresse på Løtveitneset i Straumsgrend i Bergen.

Personen som varsla politiet fortalde at ein mann var teken frå staden mot si vilje. Vitne på staden opplyste at dei fire mennene hadde med seg øks, machete og gevær.

To arrestert etter biljakt

Politijakt Sælenveien

STORE PATRULJAR RYKKA UT: Politiet fekk stoppa bilen i krysset ved Sælenveien/Straumeveien.

Foto: Adalheidur Oldeide

– Ein av dei fornærma i saka skal ha blitt truga med eit jaktgevær og deretter lagt i bagasjerommet på ein bil og køyrt vekk. Fornærma skal ha blitt sett av ikkje langt frå bustaden der forholda oppstod, seier politioverbetjent Svein Føllesdal ved Bergen vest politistasjon.

Vepna politi rykka ut med fleire sivile og vanlege patruljar og tok opp jakta på bilen.

Klokka 22.16 fekk politiet stansa bilen ved Sælenveien/Straumeveien, etter å ha følgt etter bilen i området mellom Kokstad og Bønes. To personar blei arrestert på staden, og to andre blei arrestert kort tid etter i ein bustad i same område.

Seinare fant politiet både øks og ei hagle i området der bortføringa skjedde.

Sikta avhøyrt i kveld

Onsdag har politiet avhøyrt fleire vitne, først og fremst personar som var i bustaden der forholda oppstod, fortel Føllesdal.

To av dei fire sikta i saka er førebels avhøyrt av politiet, og truleg blir dei to siste avhøyrt i løpet av kvelden, seier jourhavande jurist Tore Sørland.

– Ingen av dei fire blir sleppt fri i dag, tidlegast slepp dei ut i morgon. Korleis dei stiller seg til siktinga er for tidleg å seie, seier Sørland.

Dei fire mistenkte er kjenningar av politiet.

Løtveitneset