Hopp til innhold

Sikrar fossen etter tre dødsulukker

I fleire år har det vore diskutert om området ved Vøringsfossen burde sikrast betre. No set kommunen i gang med å sikre fossen der tre personar har mista livet sidan 2009.

Vøringsfossen

POPULÆR FOR TURISTAR: Vøringsfossen er eit ynda mål for turistar. No skal fossen der tre menneske har mista livet sikrast.

Foto: Gunvall Medhus

– Me håpar å kome i gang i med sikringsarbeidet i haust, seier ordførar i Eidfjord kommune, Anved Johan Tveit i Eidfjord.

Det var sundag ei russisk kvinne omkom etter at ho fell i Vøringsfossen i Eidfjord. Dei siste fem åra har til saman tre personar mista livet etter å ha fall ned i fossen.

Utsett område

Anved Johan Tveit

LITE HAR VORE GJORT: Ordførarar i Eidfjord, Anved Johan Tveit, seier lite ahr vore gjort for å sikre fossen der tre menneske har mista livet.

Foto: Privat

Fossen i Eidfjord er populær for turistar, og fleire hundre tusen personar vitjar fossen kvart år. Fossen har eit fritt fall på 145 meter.

Ordføraren seier sjølv at lite har vore gjort med tanke på sikring av fossen.

– Nei, det er ikkje mykje. Det er ikkje lett å sikre alt, men her måtte noko gjerast. Me har skilta sett opp skilt der me ber folk om å ta vare på seg sjølv, for dette er eit utsett område. Men den norske naturen er til dels dramatisk, så det er vanskeleg å sikre alle punkt, seier Tveit.

Kvifor er ingenting gjort før no?

– Me har mangla planar, og finansieringa har ikkje vore på plass. Men no er alt dette klart, og me satsar på å komme i gong med sikringa i haust.

I 2009 omkom ein russisk mann då han ramla 180 meter ned til bunnen av Måbødalen. To år seinare omkom ei kvinne då ho snubla og falt i døden då ho skulle fotograferast ved fossen.

Sidan det har det vore diskutert om området ved fossen burde sikrast betre.

Startar i haust

Ifølgje ordføraren godkjente kommunen ein reguleringsplan i mai for å sikre området kring fossen betre.

– Målet med reguleringsplanen er ikkje å sikre hele området, men berre nokre av utkikkspunkta. Nokre av desse skal få gjerde rundt seg, andre vil bli sikra gjennom andre konstruksjonar, seier Tveit.

– Det vil ta ei tid før alt er klart, men me håpar å kome i gang i haust. Me er i alle fall i gang så snart snøen er vekke neste år.