Hopp til innhold

Sikker innseiling for tankarar

Det er lite truleg at ei ulykke som den ved Fedje fredag, kunne ha skjedd med ein supertankar på veg til oljerafineriet ved Mongstad.

Mongstad
Foto: Bjørn sigurdsøn, Sigurdsøn, Bjørn

- For medan "Server" gjekk åleine forbi Fedje, vert tankbåtane følgde av slepebåtar med sterk motorkraft som kan ta over ved motorsvikt, seier informasjonsleiar Kåre Ness ved Statoil Mongstad.

Hamna ved anlegget er den nest største i Europa, og årleg motek hamna over 2000 skip, mellom dei finn ein nokre av dei største oljetankarane i verda.

- Dette er eit risikoområde derfor må vi innrette oss etter det, seier Kåre Ness.