Hopp til innhold

Sigrid (17) fekk kniv mot halsen, men klarte å lure ranaren til å stikke av

ODDA (NRK): Berre ein månad etter ho blei trua med kniv og slått bevisstlaus, er Sigrid Buer Jacobsen tilbake på jobb.

Sigrid Buer Jacobsen

TRYGG: – Av og til skjer det noko som minner meg om ranet, seier Sigrid Buer Jacobsen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Laurdag 4. august blei tekstilbutikken Safa i Odda sentrum rana.

Bak kassa stod 17 år gamle Sigrid Buer Jacobsen.

– Eg var aleine på jobb, og så høyrde eg at det kom nokon inn i butikken. Som vanleg gjekk eg bort til kassa for å seie hei. Plutseleg kjem ein mann opp på venstre sida mi med ein kniv, fortel ho.

Å bli rana midt på dagen i ein liten by som Odda, er ifølgje politiet lite sannsynleg, men det var det som skjedde.

– «Du bør gjere som eg seier», sa han.

Tilbake der det skjedde

Med eit breitt smil viser Sigrid ein kunde rundt i butikken. Det er lite som tyder på at ho for berre ein månad sidan blei rana med kniv her.

Det var lite pengar i kassa, og den tildekte gjerningsmannen ville ha tak i meir.

– Så tok han kniven opp til halsen min.

Sigrid klarte imponerande nok å behalde roa, og fann på ei løgn om at resten av pengane allereie var levert til nattsafen.

Gjerningsmannen trudde på henne – og fekk hastverk med å kome seg ut.

– Då han skulle kome seg forbi meg, dytta han meg. Eg trefte ein kant med bakhovudet og svima av.

Sigrid Buer Jacobsen

TERAPI: – Det var viktig å kome tilbake på jobb, seier Sigrid. Ho er ikkje redd for at noko liknande skal skje igjen, men blir litt lettare skremd enn før.

Foto: Tale Hauso / NRK

Møtt av væpna politi

Politiet antar at gjerningspersonen fekk med seg 30.000 kroner. Ein mann i slutten av 20-åra er sikta i saka, men nektar for å ha noko med ranet å gjere.

Heime på kjøkenet sat butikksjef Marie Gravdal og blei ringt opp av politiet.

– Det var ein absurd beskjed å få; at butikken min var blitt rana i Odda på ein laurdag føremiddag i ei travel gågate.

Ho kasta seg i bilen og var på plass etter eit par minutt.

– Eg blei møtt av væpna politi og ei forvirra Sigrid som hadde hatt ein hard dag på jobb. Det er framleis spesielt å tenkje på at dette kunne skje, seier Gravdal.

Sigrid hadde fått hjerneristing og måtte bli overvaka på sjukehuset over natta.

Marie Gravdal, butikkeigar

UBEHAGELEG OPPLEVING: – Det er godt å ha Sigrid tilbake på jobb, seier butikksjef Marie Gravdal.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Svært sjeldan

Å bli rana er noko som skjer sjeldnare.

I fjor var talet på melde ran i Noreg på 630, viser tal frå SSB. Det er det lågaste talet som er registrert.

– I Hordaland skjer det frå tid til annan, men i Odda er det svært sjeldan at vi har slike hendingar, seier politifullmektig Audun Kjernli, påtaleansvarleg for ranssaka.

Han seier politiet ser svært alvorleg på knivranet.

– Eit slikt ran har ei øvre strafferamme på 15 år, så denne saka har høg prioritet. Det er sett av store ressursar til etterforskinga, seier Kjernli.

Sigrid tilbake på jobb

TILBAKE: For Sigrid har det vore ei god oppleving å kunne hjelpe kundar i butikken igjen, men minna frå knivranet sit i.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ikkje redd for å gå på jobb

Tilbake i butikken synest Sigrid det er fint å vere på jobb. Ho blir litt lettare skremd enn før ranet, men har bestemt seg for å leve som normalt.

Du er ikkje redd det kan skje igjen?

– Nei, det er eg ikkje redd for, seier ho bestemt.

Sjefen hennar er imponert over 17-åringen.

– Det er så godt å ha ho tilbake, smiler Marie Gravdal.