Hopp til innhold

SFO stengt etter at born leikte med asbestplater

FLORVÅG (NRK): Foreldre slo alarm då elevane kom heim med gåver laga av asbestplater.

Florvåg skole

FUNNSTAD: Asbestplatene, som rektor Tone Sanne seier minner om skiferplater, blei funne ved Florvåg skule sin fotballbane.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

SFO-avdelinga ved Florvåg barneskule på Askøy er stengt etter funn av asbest.

Born skal ha funne plater med asbest på skuleområdet og teke desse med seg inn.

– Steinplater blei funne av borna i byrjinga av veke to. Steinane blei tekne med inn på SFO og nytta i formingsaktivitet, seier rektor Tone Sanne.

Asbestplater funnet på skole på ASkøy

ETERNITT: Fem eller seks elevar ved Florvåg skule skal ha vaska, pussa og måla desse eternittplatene før dei tok dei med seg heim som gåver.

Foto: Privat

Far slo alarm

Alarmen gjekk då ein far blei mistenksam etter at dottera kom heim og viste han «gåva». Faren sende e-post til skulen som tok direkte kontakt med miljøretta helsevern og byggeigar. SFO-avdelinga blei stengt ned same dag og skulen sende SMS til foreldra til alle elevane.

Ved analyse av materialet viser det seg at platene inneheldt asbest. Det skal dreia seg om eternittplater.

Fem eller seks born skal ha vore i direkte kontakt med materialet.

I dag sende skulen ut ein tekstmelding til alle foreldre og føresette ved skulen.

– Uteområdet er rydda og SFO-lokala er stengt ned. Etaten har gjort overflateprøvar og luftprøvar. Me håpar å få svar på desse i løpet av dagen eller morgondagen, seier Sanne.

SFO Florvåg skole

STENGT: Rektor Tone Sanne stengde SFO-avdelinga ved Florvåg skule. Håpet er å opna avdelinga i løpet av veka.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Rektoren forsikrar at eksponeringa av materialet ikkje skal vera helseskadeleg. Difor har skulen valt å ha undervisning som vanleg, trass i at fleire av klasseromma deler inngangsparti med SFO-lokalet.

– Kommunelegen og miljøretta helsevern har stadfesta at helserisikoen ved det asbesthaldige materialet er veldig liten.

Foreldre reagerer

Ørjan Vågenes sin son deltek i SFO-undervisinga. Han driv eit firma som er autorisert til å handtera asbesthaldige materiale og reagerer sterkt på at skulen framleis er open.

– Eg meiner skulen bør stengast av fram til nokon med kompetanse og verneutstyr får sett på omfanget. Asbest er farleg uansett kor mykje du pustar inn.

Ørjan Vågenes

REAGERER: Ørjan Vågenes har måndag teke son sin ut av undervisinga ved Florvåg skule. – Eg meiner skulen bør stengast.

Foto: Privat

Ifølge sonen hans har elevar pussa ned og forma platene som inneheld asbest. Han meiner rektor tek feil når ho seier at det aktuelle materiale ikkje er helseskadeleg.

– Asbestplatene er pussa ned til støvpartiklar. Det er farleg.

Vågenes får støtte frå Tom Eriksen. Han held kurs innan asbest og muggsopp, og er ekspert på å kartlegga og handtera asbest.

Eriksen meiner det er oppsiktsvekkjande at Florvåg skule framleis held ope.

– Det er ein teoretisk moglegheit for at asbestpartiklar har spreidd seg etter at elevane arbeidde med materialet. Den risikoen er nok til at kommunen burde ha stengt ned heile skulen, seier Eriksen.

Florvåg skole

STENGT: SFO ved Florvåg skole på Askøy er stengt etter funn av asbest.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Vil vurdera å stenga skulen

Leiar for forvaltning og eigedomsdrift Kathrine Vollevik Knudsen seier til NRK at Askøy kommune har valt å halda ope fordi SFO-avdelinga heldt til i eit brakkebygg med separat ventilasjonsanlegg.

– Me har ikkje vurdert det slik at me skal stenga skulen. Viss Eriksen meiner det, så må me ta ein ny runde internt. Me skal ikkje kimsa av risikoen, men kommunelege og helsevern meiner risikoen er minimal, seier Knudsen.

Måndag ettermiddag seier ho at kommunen vil vurdera situasjonen tysdag morgon.

Platene blei funne i enden av fotballbanen på skuleområdet. Ifølge Askøy kommune har eternittplatene truleg kome frå ei tilstøytande tomt. Eit godkjent firma har no rydda skuleplassen og området like ved.

Kommunen har hyra inn eit autorisert firma. Dei ventar måndag ettermiddag framleis på resultata av luftprøvar og overflateprøvar.