Hopp til innhold

Sexmisbrukt raser mot styresmaktene

Tidlegare barneheimsbarn raser over at styresmaktene lukkar augo for seksuelle overgrep gjort av barn og unge

Ein studie gjort ved sjukehuset Betanien i Bergen viser at minst ein tredel av alle seksuelle overgrep vert gjort av tenåringar.

Daglege overgrep

51 år gamle Åge Hagevik i Lindås utanfor Bergen ber på ei mørk fortid. Ei fortid som har hengt ved han sidan han var ung. Som tidlegare barneheimsbarn vart han utsett for seksuelle overgrep av jamnaldrande.

Mykje har han fortrengt, andre opplevingar plagar han framleis.

- Det var daglege overgrep. Eg har også sett born vert haldt nede medan dei vart valdteke.

Rasande på styresmaktene

Det er store mørketal når det gjeld seksuelle overgrep gjort av barn. Hagevik meiner styresmaktene lukkar augo for desse overgrepa - noko som frustrerer han enormt.

- Inst inne er eg rasande på styresmaktene som kan skjule desse tinga.

For Hagevik tykkjer tru at styresmaktene framleis ikkje har tatt tak i problemet med dei ressursane som finst i form av barnevern, politi og skular.

- Det er klart dette skjer i like stor grad i dag som det skjedde på ’40-, ’50- og ’60-talet. Styresmaktene er strafferettslege ansvarlege viss dei ikkje tek dette på alvor.

- Arbeidet har ikkje vore godt nok

Norge manglar kunnskap om problemstillinga. No etterlyser ekspertar tiltak for å hindra seksuelle overgrep gjort av barn. Men avdelingsoverlege Eili Knudsen Ingnes ved sjukehuset Betanien i Bergen seier ressursane er mangelfulle.

- Dette er eit arbeid som stadig går i motbakke, fordi dette er problemstillingar ingen likar å tenkje på, vi ønskjer ikkje at det skal vere slik. Vald eller truslar om vald knytt til seksualisert åtferd, kan ein sjå heilt ned i barnehagealder, seier Ingnes.

Barna- og likestillingsminister Karita Bekkemellem vedgår at innsatsen på dette feltet ikkje har vore god.

- Vi har ikkje gjort nok arbeid på dette området dei siste åra.

Ho er overraska over at minst 1/3 av alle seksuelle overgrep vert gjort av tenåringar. No vi

- Vi er i nøydde til å ta desse tala på alvor og sjå grundig på dei. Det er også viktig å få gjort ei undersøking som gjev svar på kva type tiltak som vil vere rette å kome med, slik at vi ikkje vert vitne til den slags episodar i framtida.