Sette ny norsk rekord på Dale Oen sin fødselsdag

Med initialane A. D. O. på hetta åpna Lavrans Solli svømme-EM med ny norsk rekord.

Video cb79cd23-1580-4ec4-af00-e6d0fd2da90c.jpg

Lavrans Solli med svømmehetta som heidrar Alexander Dale Oen.

Foto: Nyhetsspiller

I dag starta langbane-EM i svømming i Debrecen, Ungarn. I dag er også dagen då Alexander Dale Oen ville fylt 27 år.

I åpningsheatet på 100 meter rygg slo 20 år gamle Solli sin eigen rekord med over eit sekund, frå 56.08 til 54.83.

Lavrans Solli, EM i Debrecen, Ungarn 2012.

Lavrans Solli er godt nøgd med starten på EM i Ungarn.

Foto: Ingrid Sørli Glomnes / NRK
Per Rune Eknes

Svømmepresident Per Rune Eknes

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

- Det gjekk så fort, eg trur ikkje eg kunne klart å svømma noko fortare nå på morgonen iallefall, så får me sjå om det held til semifinalen, sa Solli til NRK etter heatet.

Fire tidelar unna OL

Med den nye rekorden er Solli kun fire tidelar unna OL-kravet, og det er store sjansar for at tida held til semifinalen som går av stabelen i ettermiddag.

- Blir det semi så klarar eg kanskje å pusha det ennå lenger, slik at eg får kvalifisert meg til OL.

I 2010 tok Solli bronse i ungdoms-OL . Far Olav Veierød fortel at det nærast var tilfeldig at Solli starta å svømma .

- Tok tydelegvis ein Oen

Svømmepresident Per Rune Eknes er svært imponert over Solli etter åpninga i dag. Han seier at det å slå sin eigen rekord med eit sekund er veldig mykje i svømming, ja, nærmast som eit hav å rekna.

- Sollie har vore "up and coming" i nokre år, nå løsna det endeleg. Han tok tydelegvis ein Oen, seier Eknes til NRK.

Eknes seier det er ein spesiell dag i dag, i og med at Dale Oen skulle ha feira 27 års dagen sin.

Markerer sorga under åpningsseremonen

- Det vil vera ein sekvens med film om Alex sin karriere og eit minutts stille før finalane i ettermiddag, så dette blir markert i heile Europa.

Eknes seier dei ikkje gjer noko meir enn dette nå.

- Nå skal me fokusera på svømminga. Det er i Oen si ånd, han ville gjera seg ferdig med ting, og så pusha på vidare. Svømminga er slik. Me har med oss hans spirit.