Hopp til innhold

Set opp 100 toalett langs VM-løypene: – Vil unngå urinering i hagane

Naboar fryktar publikum vil «slå lens» i hagar og bakgardar under sykkel-VM i Bergen. No set kommunen opp provisoriske toalett for å unngå at det skjer.

Utedo og søppelbøtter i Drammens park

EKSTRA KAPASITET: Toalettkapasiteten i Bergen sentrum under sykkel-VM skal vere tilsvarande det ein har på Koengen under konsertar. Difor vil kommunen setje ut 108 mobile toalett, som dette.

Foto: Eivind Bulie / NRK

– Tilgrising kan bli eit problem, dersom publikum skal stå i løypene i timevis med lang veg til næraste toalett, seier Andor Roald.

Han er ein av fleire som er uroa for sin eigen hage i Bergen sentrum, når sykkel-VM startar om under ei veke.

Det er venta opp mot 200.000 menneske i sentrum på ein gong under arrangementet. Roald er difor redd for at ei rekke hagar, bakgardar og kyrkjegardar kan bli naudløysinga for dei som ikkje finn toalett.

– Det vert problematisk dersom folk til dømes går på do bak gravstøtter, seier Roald.

108 nye publikumstoalett

No tek Bergen kommune grep, og set opp 108 provisoriske toalett for å hindre at publikum nyttar hagar og bakgardar langs løypa for å «slå lens».

– Dette har vore eit tema i kommunen si planlegging av VM. Vi ønskjer å tilby gode løysingar og bidra til at sykkel-VM vert ei kjempeoppleving for alle. Difor vil vi ha minst mogleg tissing i hagane, seier seksjonsleiar Tord Holgernes i Bymiljøetaten.

Provisoriske toalett under sykkel-VM

TOALETTVOGN: Publikum kan nytte toalett av denne typen under sykkel-VM i Bergen.

Foto: Bergen kommune

Arbeidet med å setje ut toaletta startar i slutten av veka, og på laurdag skal dei 108 mobile toaletta vere på plass.

Toalettvognene vert fordelt på fire forskjellige stader:

  • 48 toalett i Nordahl Bruns gate
  • 28 toalett på Nikolaikirkealmenningen
  • 16 toalett i Allehelgens gate
  • 16 toalett i Nygårdsparken

– Vi håpar og trur at dette skal halde, men det blir nok vanskeleg å unngå at enkelte går på do andre stader enn på toaletta, seier Holgernes.

Publikumstoalett i Bergen under sykkel-VM

DOKART: Bergen kommune har laga ei oversikt over toalett i Bergen sentrum som er allment tilgjengelege.

Foto: Google maps

Kan auka kapasiteten

Totalt reknar kommunen med at idrettsfesten vil trekka ein halv million tilskodarar.

– Når desse kjem, og om alle kjem, er usikkert. Vi har forsøkt å arbeide ut gode tiltak ut frå den informasjonen vi har no, seier Holgernes.

Han lovar hyppig reinhald av toaletta som vert sett ut, og seier at kapasiteten kan aukast raskt dersom det vert naudsynt.

– Vi har ein leverandør som kan stille med enkle toalettfasilitetar på kort tid. Dersom vi ser eit behov for å auge kapasiteten undervegs, set vi inn toalett der det er behov, seier Holgernes.