Normal

Server-tømming i gang

Arbeidet med å tømme akterskipet på havariskipet Server byrja tysdag.

Akterskipet til Server
Foto: MMS: Kjell Jøran Hansen / NRK

SJÅ VIDEO HER!

Det er selskapet Frank Mohn Flatøy som har fått jobben med å tømme akterskipet som ligg utanfor Fedje i Nordhordland.

Til saman ti personar deltek i arbeidet. Tysdag vart det mellom anna bora hol i akterskipet.

Alle botntankane er skada - oljen ligg difor i lommer i maskinrommet.

Akterskipet til Server
Foto: MMS: Kjell Jøran Hansen / NRK