Hopp til innhold

Server overheldt ikkje lytteplikt

Havaristen Server overheldt ikkje lytteplikta på Fedje trafikksentral sin VHF-kanal ulukkeskvelden

Det kom fram under sjøforklaringa onsdag. Alle større skip som går innanfor Fedje trafikksentral sitt område er pliktige å lytta på kanal 80.

Berre få minutt før grunnstøytinga prøvde trafikksentralen å kalla opp Server på denne kanalen, men utan å få svar.

- Send assistance

Først då dei tok i bruk loskanalen, VHF kanal 13, fekk dei svar. Dette viser opptak som blei spelt av under sjøforklaringa.

Sjølv om Server dreiv mot land i 3-4 knops fart utan manøvreringsevne, meldte kapteinen til trafikksentralen at han prøvde å rette opp kursen og gå bort fra land.

Først fem minutt før grunnstøytinga sendte skipet ut ei fortvila melding: "Send assistance".

Meldinga blei gjenteken to minutt seinare, men det var for seint. Naudmeldinga "Mayday" blei først sendt ut etter at Server slo mot steinane og kapteinen hadde beordra maskinen avslått.

Kapteinen på "Server" under sjøforklaringen
Foto: Anders Nøkling / NRK

Det kom også fram under sjøforklaringa at trafikksentralen først oppdaga den farefulle situasjonen til Server berre ti minutt før grunnstøytinga.

Dei to operatørane hadde vore opptekne med andre skip i området. Fedje trafikksentral har ikkje utstyr som automatisk slår alarm når eit skip kjem ut av trygg kurs.