Hopp til innhold

Sentrumsgater blir stengde

Natt til søndag skal politiet og drosje- og busselskapa samarbeida. Politiet håpar det vil verka inn på valdsstatistikken.

En sen lørdagskveld i Bergen sentrum.
Foto: Anders Jørgensen / NRK

Vaskerelven og Veiten i Bergen sentrum blir natt til søndag stengt for biltrafikk. Det er berre drosjer som skal få køyra inn og ut.

– Sleppa å venta unødvendig lenge

– Viss folk blir ståande for lenge i byen utan å koma seg heim oppstår det veldig lett knuffing, og det kan utvikla seg til vald og andre uønska hendingar, seier Bengt Angeltvedt, leiar for ordensavdelinga ved Bergen sentrum politistasjon.

Saman med Bergen kommune, fylkeskommunen og drosje- og busselskapa har politiet sett i gang eit samarbeidsprosjekt i julebordsesongen.

– Me har i eit samarbeidsprosjekt prøvd å setta inn tiltak som gjer at byens befolkning skal få eit godt tilbod når dei skal heim igjen, og dei skal sleppa å venta unødvendig lenge, seier Angeltvedt.

Håpar å unngå sinte menneske

– Kva betyding har det at de stenger desse gatene for biltrafikk natt til søndag?

– Desse gatene fører inn til to av hovudtaxihaldeplassane, og me ønskjer at taxiane her i byen skal få best mogleg arbeidsforhold. Det betyr at dei skal få køyra inn og ut uhindra, slik at det blir ein god flyt i avviklinga, seier Angeltvedt.

– Me håpar det blir kortare ventetid i køen, og me skal prøva å legga forholda best mogleg til rette for publikum, slik at me får glade menneske, ikkje sinte. Viss me klarer dette meiner me det vil visa på valdsstatistikken, seier leiaren for ordensavdelinga.

Vil øydelegga piratdrosjemarknaden

Via samarbeidsprosjektet ønskjer dei involverte også å stoppa piratdrosjer.

– Ulovleg persontransport, som eg kallar det, vil eg ikkje anbefala byens befolkning å bruka. Tanken vår er å ta vekk marknaden deira ved at publikum har eit lovleg tilbod som er effektivt og sikkert, seier Bengt Angeltvedt.