Normal

Sentral «Dark Room»-mann dømd til fengsel i to år

39-åringen delte «nærmest sadistisk» overgrepsmateriale og tilbydde si eiga mindreårige dotter til andre over nettet.

Sladd ny Dark Room

DØMD: 39-åringen vart fengsla i fire månadar etter arrestasjonen, men har vore fri til rettssaka byrja tidlegare i desember.

Mannen måtte møta i Bergen tingrett tidlegare i desember.

39-åringen var tiltalt for å motteke, oppbevara og delt store mengder med bilde og filmar av seksuelle overgrep mot barn.

Det omfattande materialet er til tider svært grovt og «nær sadistisk», skildrar tingretten i dommen.

Politiet har funne bilde og filmar som syner grove overgrep mot barn ned i eittårsalderen og barn som er bundne fast

Etterforskarane kom på sporet av 39-åringen gjennom den store politioperasjonen «Dark Room». Mannen hadde kontakt med andre menn i sakskomplekset, og politiet arresterte han i februar 2016.

Fengsel i to år og to månadar

I den samrøysta dommen frå Bergen tingrett blir mannen dømd til fengsel i to år og to månadar, for fleire brot på straffelova paragraf 204 og 311.

Retten meiner det er bevist at 39-åringen frå 2007 til februar 2016 har jamleg hatt bilde og filmar som viser seksuelle overgrep mot barn.

Han har også delt det til tider svært grove materiale vidare til andre over nettet.

Tilbydde dottera si til andre

Mannen har gjennom chatting har oppfordra andre til seksuelle overgrep.

Han har også chatta om og tilbydd si eiga dotter og tilbydd seg å betala for tenester.

Mannen anbefaler også nettsider der personar kan finna overgrepsmateriale, og korleis dei kan nytta krypteringstenester for å ikkje bli tatt.

«Retten anser (...) det som fremgår av de fremlagte chatteloggene, som svært alvorlig. (...) det er tiltalte som ofte fremstår som den mest aktive, og det er han som i chattingene oppfordrer til å snakke om overgrep av barn. Tiltalte deler bilder, filer og kommer med tips», heiter det i dommen.

«Globalt problem»

I chatteloggar har han til fleire kontaktar også skrive at han har gjort overgrep mot si mindreårige dotter sidan ho var liten. Dette har ikkje politiet klart å bevisa.

Dommarane legg uansett vekt på at mannen er med å halda liv i ein marknad som gjer at barn blir seksuelt misbrukt over heile verda.

«Tiltalte har tatt aktivt del i dette markedet. Mot slike former for kriminelle handlinger, som bare synes å øke med den teknologiske utviklingen, er det kun strenge straffer som kan ha en preventiv effekt».

Mannen erkjente straffskuld og forklarte seg detaljert under dei to dagane saka gjekk for Bergen tingrett. Han er tidlegare dømd for ha av overgrepsbilde mot barn i Nordhordland tingrett i 2006.

Forsvarar Ingvar Frostad vil førebels ikkje kommentera dommen, då han ikkje har diskutert den med sin klient.