– Katastrofe for beredskapen i Hordaland

Kjersti Toppe (Sp) fryktar konsekvensane av helseministeren sine sjukehusmodellar. I dag vedtok partiet sin eigen modell, og går klart inn for å behalde akuttberedskapen ved Voss, Stord og Odda sjukehus.

Kjersti Toppe
Foto: Vågenes, Hallgeir / VG
Ingvild Nave
Journalist

– Det vil bli ei katastrofe for beredskapen og pasientbehandlinga i Hordaland dersom Voss, Stord og Odda misser kirurgisk akuttberedskapen. Det vil vere starten på slutten for desse sjukehusa, seier stortingsrepresentant, Kjersti Toppe i Sp.

Senterpartiet vedtok under landsstyremøtet Oslo i dag å gå i mot alle dei tre sjukehusmodellane til helseminister Bent Høie.

I løpet av november skal helseministeren legge fram ein nasjonal helse- og sjukehusplan, som kan føre til kutt ved sjukehus som har for lite pasientgrunnlag.

Lanserer ein fjerde modell

Allereie i januar, då helseministeren heldt sin årlege tale om korleis norske sjukehus skal styrast, lufta han tanken om at berre dei største sjukehusa skal ha døgnkontinuerleg kirurgisk akuttberedskap.

– For å drive akuttkirurgi krevst eit pasientgrunnlag på minst 60 til 80 000 innbyggjarar, og det betyr at minst halvparten av dagens norske sjukehus er for små, var Høie sin beskjed då.

Senterpartiet avviser alle dei tre modellane til helseministeren, og lanserer ein fjerde modell.

– Vi meiner sjukehusa skal ha både akutt medisinsk beredskap og akutt kirurigsk beredskap slik som dei har i dag. Altså går vi i mot alle dei tre alternativa han har lansert, seier Toppe.

– Ikkje meir effektivt med større sjukehus

Toppe meiner å sentralisere helsetilbodet er feilslått politikk for å effektivisere.

– Lokalsjukehusa driv veldig effektivt. Det er fleire undersøkingar som viser at det å slå saman til stordrift ikkje fører til mindre kostnadar, seier Toppe.

Senterpartiet meiner samarbeid er nøkkelen for å både sikre kvalitet og kutte kostnadar.

– Vi må utvikle alle sjukehusa vi har. I Hordaland er det høgt belegg på Haukeland universitetssjukehus i Bergen og vi treng også lokalsjukehusa slik at dei i samarbeid kan tilby eit godt pasienttilbod, seier Toppe.

Siste video

Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.
Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.