NRK Meny
Normal

Leiligheitskompleks evakuert etter røykutvikling

Naudetatane har rykka ut til Stord etter melding om røykutvikling frå ei leilegheit. Ein person er sendt til sjukehus.

Laster kart, vennligst vent...

LEIRVIK, STORD: Ein person er sendt til sjukehus på Stord. – Han var medviten, men har gjerne fått i seg ein del røyk, seier operasjonsleiar i politiet Rune Plassen.

Dei andre bebuarane har fått flytta inn igjen no.

Akkurat no har naudetatane rykka ut til eit leilegheitskompleks i Furulyveien i Leirvik på Stord etter melding om røykutvikling.

– Ein person er evakuert og blir tatt med til sjukehus. Han er medviten, men har gjerne fått i seg ein del røyk, seier operasjonsleiar i politiet Rune Plassen.

Skadeomfanget er ikkje kjent.

Heile leilegheitskomplekset blei fyrst evakuert då brannvesenet ikkje kunne seie sikkert kvar røyken kom frå. Klokka 05.35 melder politiet at alle bebuarane har fått flytte inn igjen i leilegheitene.

Brannvesenet har mistanke om at røykutviklinga skuldast tørrkoking.

– Me er framleis på staden, og brannvesenet held på med utlufting, seier Plassen.

Rusa båtsjåfør køyrde på land

Klokka 23.43 fekk politiet i Sunnhordland melding om at ein båt hadde gått på grunn i Siggjardvågen på Bømlo. Båten blei tatt i land med hjelp frå Kystvakta.

– Me hadde mistanke om at føraren var rusa, og han blei tatt med til legevakta for blodprøve og meldt for køyring i rusa tilstand, seier Plassen.

Totalt var fire personar i båten, ingen blei skadde.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.