NRK Meny
Normal

Sender havarikomité til Voss

Norges Luftsportforbund sender to av sine havarikomitéar til Voss. Ein av dei kjem i løpet av tysdag ettermiddag, og den andre onsdag morgon.

Bømoen flyplass

FLY STYRTA: Mikroflyet som vart meldt sakna tidlegare i dag tok av frå Bømoen flyplass i Voss måndag ettermiddag.

Foto: Anders Hauge

Mikroflyet som tidlegare tysdag vart meldt sakna på Voss er no funne med cockpiten liggjande under is og snø, men det er framleis ukjend kor dei to som var i flyet er.

Norges Luftsportforbund sender no to av sine havarikomitéar til Voss for å hjelpe politiet i arbeidet vidare.

– Skal hjelpe politiet

Det fortel Tom Bjerke, fagsjef for mikroflyseksjonen i Norges Luftsportforbund som organiserer mikroflymiljøet i Norge.

– I og med at dette flyet no er lokalisert har vi fått vår havarikomité til å rykke ut. Ein av dei vil komme til Voss i løpet av ettermiddagen, og den andre vil mest sannsynleg komme i morgon tidleg, og dei vil hjelpe politiet i det vidare arbeidet.

Flyet vart tysdag ettermiddag funne ved Volavatnet i Vossafjella i området mot Stølsheimen nord for Voss, med cockpiten liggjande under snø og is.

Ingen spesielle utfordringar

Mikrofly savnet på Voss

MIKROFLY: Dette er flyet som no er funne styrta i Volavatnet i Vossafjella.

Ifølgje Bjerke er mikrofly ein type fly som det kjem fleire og fleire av, men det skal ikkje vere nokon spesielle utfordringar knytt til denne typen fly.

– Det er som med mikrofly som for alle andre typar luftfartøy. Det er ei eiga opplæring og det stillast krav både til medisinske undersøkingar og vedlikehald av ferdigheitene med jamne mellomrom, fortel han.

– Kor opptekne er medlemmene dykkar av at flyginga skal vere trygg?

– Det er heilt opplagt at det er det viktigaste. Alle er opptekne av tryggleiken, seier Bjerke.

Organiserer situasjonen lokalt

Førebels får flystyrten på Voss ingen umiddelbare konsekvensar for andre mikrofly i Norge.

– Nei, det gjer det ikkje, men sjølvsagt har ein eit vakent auge til dei tinga som skjer, og dersom ein skulle sjå trendar så tek ein tak i ting. Men ut frå enkeltståande hendingar så vert det vanskeleg å konkludere med noko veldig raskt, så umiddelbart får det ingen konsekvensar.

I høve situasjonen på Voss er det den lokale klubben som styrer kontakten med medlemmene i flyklubben.

– Den lokale klubben er sjølvsagt sterkt involvert i dette her, og dei har ein handlingsplan ved ulukker, så dei organiserer dette lokalt, seier Bjerke.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.