NRK Meny
Normal

Semje i røykeromstriden offshore: – Vi er blitt høyrt

Statoil kjem røykande nordsjøarbeidarar i møte, og skal likevel ikkje gjera alle røykeromma på oljeplattformene mindre trivelege. Men TV-apparata skal framleis ut.

Per Steinar Stamnes

NØGD: Leiar i Industri Energi Statoil Sokkel, Per Steinar Stamnes, har kjempa dei røykande oljearbeidarane si sak. – Det er fornuftig å behalda godt møblerte røykerom inntil dei må skiftast ut.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Førre veke fortalde NRK at Statoil vil gjera røykeromma på oljeplattformene om til små båsar, for å etterleva tobakksskadelova.

Men no har fagforeiningane og leiinga i Statoil blitt samde om å tilpassa seg regelverket.

– Vi gjer nokre tilpassingar i måten vi gjennomfører endringane på enkelte røykerom, seier pressetalsmann Eskil Eriksen i Statoil.

Det vart førre veke hissig stemning på sosiale medium og steile frontar mellom nordsjøarbeidarane og Statoil-leiinga, då selskapet byrja å endra dei tradisjonelle røykeromma på oljeplattformene.

Fagforeiningane var misnøgde med prosessen og endringane av røykeromma.

– Vi føler oss overkøyrde. Folk må bli høyrde, sa hovudtillitsvald i SAFE Sokkel, Terje Sørensen.

Gode møblar får stå

I alle år har oljearbeidarane fått sitja saman og sjå fjernsyn, lesa aviser eller bruka data medan dei røykjer. No vil Statoil flytta sosial aktivitet over til røykfrie arenaer.

– Vi er opptekne av å ha ein god dialog med fagforeiningane og vernetenestene. Samtidig er det viktig for oss å skape eit godt miljø offshore for ikkje-røykjarar, seier Eriksen.

Leiinga har difor gått med på at røykeromma somme stader skal bestå, i alle fall inntil vidare.

– Dette betyr at der vi har ganske bra møblement får det bli ståande til det må skiftast ut på grunn av slitasje. Vi har blitt høyrd, og har no fått ei opning for å finne dei beste løysingane lokaltt, seier Per Steinar Stamnes, leiar for Industri Energi Statoil Sokkel.

Røykerom på oljeplattform

TRADISJON: Røykeromma på Statoil sine oljeplattformer har i alle år hatt fjernsyn, aviser og komfortable møblar. Mange har blitt sitjande lenge på røykeromma, og Statoil ønskjer no å flytte sosial aktivitet til røykfrie område.

Foto: Kjetil Alsvik

– Nokre plattformer er store, andre små. Ein må finna ein effektiv måte der røykarane får ta seg ein røyk, sjølv om avgjerda og lova ligg fast, seier Stamnes.

Droppar «maksimal røyketid»

Det vert heller ikkje påbode å merka røykeromma med maksimal opphaldstid.

– Men justeringane endrar ikkje hovudhensikta vår, som er å etterleva tobakksskadelovgjevinga, understrekar Eriksen.

Han trur framleis ein kan unngå at røykeromma vert ei sosial sone der ein oppheld seg lenge.

– Det er målet og det ønskjer vi å få til, sjølv med desse tilpassingane.

Pressetalsmann Eskil Eriksen.

TILPASSAR SEG PROTESTANE: – Men justeringane endrar ikkje at me skal etterleva tobakksskadelovgjevinga, seier pressetalsmann Eskil Eriksen i Statoil.

Foto: Statoil

Røykeromma som allereie no er endra, vil uansett ikkje bli ført tilbake til slik dei var før.

Kastar ut fjernsynet

Ein ting må ein framleis sjå langt etter på røykerommet:

– TV-en skal ut, den endringa står fast. Den har vore eit samlingspunkt. Når TV-en blir fjerna, trur eg mange berre vil ta seg ein røyk og så gå ut att ganske kjapt, seier Stamnes i Industri Energi Statoil Sokkel.

– Korleis vil du summera opp denne prosessen?

– Det har vore lærerikt for både bedrifta og oss. Lærdommen er at det kan vera greitt å ta nokre høyringar før avgjerda blir tatt. Vi har funne ein god, praktisk måte å gjera det på no. Eg trur begge partar er nøgde, seier Stamnes.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017