NRK Meny
Normal

Velta semitrailer hindra trafikken

I over tre timar var det redusert framkomst på E39 over Vallaheiane etter at ein semitrailer fekk sleng og velta over.

Laster kart, vennligst vent...

SISTE: Klokka 21.36 melder politiet at det er opna for fri ferdsel på E39 over Vallaheiane.

Semitraileren skal ifølge politiet sperre heile vegbana på E39 sør for Bergen.

– Den har sklidd og treft ein lyktestolpe. Det er ein del oljesøl på staden så både BKK og brannvesenet er på veg, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Hordaland politidistrikt.

Det er ikkje meldt om personskade. Frontakslinga skal vera knekt av, så det kan ta tid å få fjerna vogntoget. Politiet har bestilt stor bergingsbil.

Tidvis stengt

Vegtrafikksentralen melder om at semitraileren har kvelva heilt over.

– Det har skjedd på toppen. Den har velta heilt over. Det er ikkje meldt om mykje kø, bilistar kan køyre om Hamrevegen og Fanavegen, seier Eli Solberg ved Vegtrafikksentralen.

Klokka 18.35 melder politiet at BKK og Viking er på staden for å berge vogntoget.

– Arbeidet gjer at vegen må periodevis stengast heilt, er meldinga frå politiet på Twitter.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo