NRK Meny
Normal

Semitrailer i grøfta - måtte sperre trafikken

Ein semitrailer hamna i grøfta tysdag kveld, midt på motorvegen. Politiet måtte stoppe trafikken for å taue vogntoget.

Semitrailer i grøfta

I GRØFTA: Ein semitrailer hamna i grøfta på E39, Åsanevegen, og må tauast sidelengs. Politiet må dirigere trafikken på staden.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Det er ein semitrailer som treng litt hjelp til å komme seg opp, då han står med heile eine sida i grøfta, seier Morten Kronen som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK.

Det er på E39, Åsanevegen, mellom avkøyringa Tertnes og Åsane senter, at semitraileren har køyrt av vegen i høgre felt.

Politiet dirigerer trafikken på staden.

Måtte tauast på langs

Semitrailer i grøfta

I GRØFTA: Ein semitrailer hamna i grøfta på E39, Åsanevegen, og må tauast sidelengs. Politiet må dirigere trafikken på staden.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Politiet fekk melding om saka klokka 21.42 og var på staden like etterpå.

– Førar opplyste at det var ein undermanøver som gjorde at han svinga av vegen, seier Kronen til NRK.

– Han har rett og slett vore uheldig og komme litt utafor kanten, og det har vore nok til at han har blitt ståande fast, legg han til.

Ein større tauebil måtte taue vogntoget, og då Viking var på staden klokka 22.41, kom det melding om at vogntoget må tauast sidelengs.

Politiet måtte stenge vegen med tauinga går føre seg.

– Etter kvart skal me snakke med sjåføren om kva som er skjedd, seier Morten Kronen.

Klokka 23.05 var vegen rydda, og trafikken gjekk som normalt.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo