Hopp til innhold

Selde trefigurar i nabolaget – seks menn arresterte og sikta for heleri

Ein polsk mann som gjekk frå dør til dør med trefigurar, var opptakten til ein større politiaksjon i Sunnhordland.

Seks polske menn arrestert på Sveio

Det var like før klokka 23 laurdag kveld at ein nabo i eit nabolag i Sveio ringde politiet om ein slitsam kveldsgjest.

Ein polsk mann i 20-åra gjekk frå dør til dør og selte treleiker. Politiet sende av garde ein patrulje som fekk nøsta opp i mannen si forklaring.

Politiet eskorterte mannen til bustaden hans i Sveio der dei fann ytterlegare fem polske menn i 20- og 30-årsalderen.

Mistenkte for svart arbeid og ulovleg opphald

Patruljen reagerte på funn dei gjorde og på manglande dokumentasjon. Fleire politipatruljar blei tilkalla og alle seks mennene blei arresterte.

Felles for alle var at dei blei tekne med ei relativt stor mengde kontantar. Politiet sin teori er at mennene har tent pengane på svart arbeid

– Alle seks er mistenkte for å ha drive svart arbeid og for å opphalda seg ulovleg i landet, seier operasjonsleiar Trond Børge Åsbu ved Sør-Vest politidistrikt.

Politipatruljane som kom til adressa fann óg fleire tregjenstandar lik den dørseljaren hadde med seg på rundturen i nabolaget.

Ukjend pengebeløp

Åsbu vil ikkje kommentera omfanget av pengesummane og viser til at saka blir etterforska ved politikammeret i Haugesund.

– Det eg kan seia på noverande tidspunkt er at alle er sikta for heleri. Så vil etterforskinga i løpet av dei neste dagane gje svar på kva tilknyting dei har til landet og om dei har lov å opphalda seg i Noreg, seier operasjonsleiaren.

Politiet vil ikkje kommentera kva dei arresterte livnærer seg av i Noreg.