Hopp til innhold

Seks vil sjefe over det nye storfylket i vest

Jobben blir ein av dei viktigaste når Sogn og Fjordane og Hordaland slår seg saman. På søkjarlista står både ein fylkesrådmann og ein fylkesmann.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating 27.oktober 2017

SAMANSLÅING: Frå 2020 blir fylka Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman. Biletet er frå det felles fylkestingsmøtet i oktober.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Det er søkjarlista til stillinga som fylkesrådmann i det som etter alt å døme får namnet «Vestland fylke» som no er klar.

Fylkesrådmannen blir den administrative leiaren for fylket som får om lag 630.000 innbyggjarar når det vert slått saman i 2020.

Her er den offentlege søkjarlista:

Karen-Marie Eek-Larsen (57), Alversund, ass. fengselsleiar
Thorbjørn Johan Gaarder (63), Oslo, chief credit officer
Anne Karin Hamre (53), Sogndal, fylkesmann
Karl Petter Haugen (49), Strusshamn, underdirektør
Rune Haugsdal (58), Eidsvågneset, fylkesrådmann
Tarjei Torvik (25), Bergen, student/arbeidssøkar

– Representantar i tilsetjingsutvalet har hatt ein grundig prosess med gode kandidatar så langt, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, som er leiar i fellesnemnda.

Anne karin Hamre

SØKJAR: Anne Karin Hamre er i dag fylkesmann i Sogn og Fjordane. Ho har søkt jobben som fylkesrådmann i det nye Vestland fylke.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Fylkesrådmann og fylkesmann på lista

Blant søkjarane er Rune Haugsdal, noverande fylkesrådmann i Hordaland, og Anne Karin Hamre, noverande fylkesmann i Sogn og Fjordane.

– Eg har lyst å vere med å forme det nye Vestlandsfylket. Eg trur det må vere ein av landet sine mest spennande jobbar, seier Anne Karin Hamre.

Det er allereie klart at Lars Sponheim blir fylkesmann i Vestland.

Blir fylkesrådmann for storfylket

Stillingstittelen er først prosjektleiar for etableringa av den nye fylkeskommunen fram til 1. januar 2020. Så blir stillinga fylkesrådmann for det nye storfylket på Vestlandet.

Prosjektleiaren vil ha arbeidsstad i Bergen.

– Den totale interessa for stillinga viser at dette er ei attraktiv og viktig stilling, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

Nye regionnavn