NRK Meny
Normal

Seks tatt for fyllekøyring på eitt døgn

På 24 timar har politiet stogga uvanleg mange for promillekøyring. – Rett og slett skremmande, seier ein oppgitt operasjonsleiar Terje Magnussen.

UP har kontroll

Politiet har stogga seks personar for promillekøyring i Hordaland dei siste 24 timane. Det tykkjer operasjonsleiar Terje Magnussen lite om. (Arkivbilete)

Foto: www.nordsveenfoto.no

Politiet har stogga og tatt intet mindre enn seks promillekøyrarar det siste døgnet i Hordaland. Den siste vart tatt etter ei trafikkulukke på Brattholmen på Sotra sundag kveld.

Sjåføren mista kontrollen, bilen gjekk rundt og hamna midt i vegbana. Politiet mistenkte rusa køyring og fekk rett.

Dermed var den sjette promillekøyraren «i boks», noko som gjer operasjonsleiar Terje Magnussen svært oppgitt.

Til legevakt

– Det er eit skremmande høgt tal. Det er altfor mykje. Av dei seks er det to singelulukker men dei rusa sjåførane utgjer ein fare for andre som ferdast i trafikken, seier Magnussen.

Laster Twitter-innhold

Føraren av bilen som snurra rundt på Brattholmen er sendt til legevakta.

Stoppa med to i promille

Magnussen fortel at publikum er flinke til å tipsa når dei kjem over mistenksam køyring i trafikken.

– Tidlegare i dag fekk vi stogga ein i Bergen sentrum. Vi fekk fleire meldingar frå folk som nesten var blitt påkøyrd på fortauet. Det er veldig skremmande og rett og slett livsfarleg.

– Då vi til slutt fekk stogga og kontrollert vedkommande, viste det seg at han hadde over to i promille. Sånn kan vi ikkje ha det.

Magnussen legg til at alle sjåførane kan vente seg straff.

Siste video

Folk stilte seg opp for å sjå E39-krysset bli til. Då fekk kontrollingeniør Willy Stenbakk en idé.