Hopp til innhold

Skogbrannen på Stord sløkt – person erkjenner å ha skote opp rakett i området

Brannvesenet har sløkt skogbrann på Stord. Politiet melder at ein person har erkjent å ha skote opp ein rakett i området der brannen starta.

Skogbrann Sagvåg, Stord

SKOGBRANN: Det som byrja som ein lyngbrann eskalerte i Sagvåg på Stord. Fleire hus er evakuerte.

Foto: Birthe Cathrine Aarre

Brannen i Sagvåg på Stord er slått ned, melder politiet rundt midnatt. Dei fortel at brannvesen og sivilforsvar vil drive ettersløkking gjennom natta. Det er ikkje lenger fare for husa i området, og bebuarane kan returnere, skriv politiet på Twitter.

Politiet jobbar framleis med etterforsking på staden, og opplyser at ein person har erkjent å ha skote opp ein rakett i området der brannen starta.

Brannvesenet på Stord evakuerte fredag kveld seks hus i Sagvåg etter at det braut ut brann i terrenget. Naudetatane fekk melding om det som byrja som ein lyngbrann like før klokka 21.

Politiet opplyste klokka 23.00 at brannvesenet er i ferd med å få kontroll på brannen. Totalt er seks hus evakuerte.

– Brannmannskapa ser ut til å få kontroll over brannen. Ei eventuell spreiing vil truleg skje ned mot sjøen. Det er vindstille og røyken går rett opp, opplyser operasjonsleiar Victoria Hillvegg i Sør-Vest politidistrikt like over klokka 23.

Bratt og ulendt terreng

Brannen skal ha starta i nærleiken av Stokkavegen, og spreier seg i søraustleg retning.

Skogbrann Sagvåg

RØYK: Brannvesenet var i ferd med å få kontroll over brannen rundt klokka 23.

Foto: 03030-tipser

– Siste melding klokka 23.10 er at mannskapa har fått rimeleg bra kontroll, opplyser vaktleiar Steinar Eilertsen ved 110-sentralen i Haugesund.

Meldinga klokka 22 var at eit bratt og ulendt område på 100x200 meter sto i brann. Mannskapa angreip flammane frå fleire plassar, til dei fekk nok kontroll til at spreiinga skjedde i retning sjøen.

– Det har vore tørt lenge, og glør vil ligga å ulma. Det har vore elleve mann i sving, og me vil bruka det me har og mannskapet frå Sivilforsvaret til å halda vakt utover natta, seier Eilertsen.

Laster Twitter-innhold

Politiet opplyser at fleire ungdomar skal ha opphalde seg i området når brannen braut ut. Ein person er sendt til sjukehus etter å ha pusta inn røyk.

Etter det NRK får opplyst skal brannen ha starta etter oppskyting av fyrverkeri i samband med ein fest.

– Me kan enno ikkje seia noko om årsaka til brannen, seier operasjonsleiar Hillvegg.

Brannmannskapa pumpa sjøvatn for å sløkka flammane, som brann vegetasjon mellom Stokkavegen og Fitjarvegen.

Grasbrann i Sagvåg

Pumpar sjøvatn gjennom hagen

Terje Aarre kom akkurat heim frå ferie då det starta brenna i terrenget nokre steinkast frå huset. Fredag kveld fekk han ein brannslange gjennom hagen.

– Dei pumpar vatn frå sjøen. Eg ser brannen frå altanen. Det brenn litt oppå ein haug, men dei ser ut til å ha fått kontroll på denne sida av haugen, seier han til NRK klokka 22.

Han understrekar at situasjonen slik han ser det, ikkje er dramatisk.

– Brannen er rundt 150 meter i luftlinje frå huset, men den spreier seg i den andre retninga. For vår del er det trygt, fortel han.