To av personane blei køyrt til Haukeland Sjukehus. Den eine er hardt skadd.
Han sat fastklemd i bilen, og måtte frigjerast av Brannvesenet.
Eitt born skadd
I same bilen sat det óg eit born, som blei sendt til Haukeland Sjukehus med luftambulanse. Bornet skal ifølgje BT ikkje vera alvorleg skadd.
Dei åtte andre personane blei køyrte til legevakta.
Ulukka skjedde like ved krysset til Blomsterdalen i 15.40-tida fredag ettermiddag.
Store trafikkproblem
Årsaka til kollisjonen var ein påkøyrsel bakfrå, og eit tyngre køyrety var involvert. Det fortel operasjonsleiar Asbjørn Andersen ved Hordaland politidistrikt til NRK.
Ulukka førte til store trafikkproblem på den elles svært traffikerte vegen.