NRK Meny
Normal

Seier nei til dumpeplass for lakselusgift

Havforskingsinstituttet frarår å innføra tømmesoner for lakselusmidlar til havs allereie frå årsskiftet. Dei veit for lite om effektane og meiner dessutan det kan gi endå større kjemikalieutslepp enn i dag.

Brønnbåt ved oppdrettsanlegg med Hornelen i bakgrunnen.

KJEMIKALIEUTSLEPP: Oppdrettsfisk blir vaska med kjemikaliar mot lakselus om bord i brønnbåtar. Havforskingsinstituttet meiner kunnskapsmangel gjer det utilrådeleg å oppretta tømmesoner for kjemikaliane til havs.

Foto: Bjarne Eldevik

– Vi har ikkje nok kunnskap til å seia kor det er forsvarleg å oppretta droppsoner der det skal vera lovleg å sleppa brukte lakseluskjemikaliar i havet.

Det seier forskingsdirektør Karin Kroon Boxaspen ved Havforskingsinstituttet.

– Derfor er det er ikkje realistisk å etablera droppsoner på kort sikt. Det vil krevja omfattande utgreiing.

Karin Kroon Boxaspen

ÅTVARAR: Forskingsdirektør Karin Kroon Boxaspen ved Havforskingsinstituttet meiner droppsoner for lakseluskjemikaliar til havs kan verka mot hensikta.

Foto: Privat

Tillata eller forby utslepp?

Oppdrettsnæringa har dei siste åra brukt og blanda ulike lakseluskjemikaliar i stadig større omfang. Ofte blir oppdrettsfisk flytta midlertidig over i brønnbåtar og lusebehandla der. Store mengder kjemikaliehaldig behandlingsvatn blir dumpa i havet frå brønnbåtane.

Norske styremakter har vedgått at dei har lite oversikt eller kontroll med situasjonen.

Fiskeridepartementet sende i sommar ut sitt forslag til nye reglar for behandling mot lakselus i oppdrettsanlegg. Målet er å motverka negative miljøeffektar av lakselusbehandling. Etter planen skal reglane innførast allereie 1. januar 2017.

Departementet har mellom anna bede om svar på om det bør bli etablert spesielle droppsoner til havs der vatn med lakselusmidlar etter bruk skal kunne dumpast lovleg. Alternativet er å innføra forbodssoner der det ikkje skal dumpast slike kjemikaliar.

– Forbodssoner er betre

Havforskarane er i utgangspunktet positive til droppsoner, men seier det førebels er for lite kunnskap om korleis kjemikaliane i behandlingsvatnet påverkar andre levande organismar i havet.

Lakselus

TILRÅR FORBODSSONER: Det er lettare å avgrensa kor dumping bør vere forbode, enn å peika ut kor det er trygt å dumpa lakseluskjemikaliar, meiner Havforskingsinstituttet.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Derfor tilrår dei heller den motsette strategien:

– Ei betre løysing – i alle fall på kort sikt – er å oppretta forbodssoner. Det kan skje raskt, fordi vi har nok kunnskap om kva område som ikkje bør bli belasta med slike kjemikalieutslepp, seier Boxaspen.

Forskarane tilrår å forby tømming mindre enn 1 kilometer frå

  • grunne havområde med under 50 meters djupne
  • rekefelt og torskefelt
  • andre kjende sårbare havområde.

– Droppsoner kan auka utsleppa

Viss droppsoner blir etablert kan det ifølge Havforskingsinstituttet gi endå større kjemikalieutslepp.

– Sidan effektane er usikre bør ein vere føre var. For å vera på den sikre sida måtte ein kanskje leggja droppsonene langt vekk frå kysten og dermed oppdrettsanlegga. Då kan det bli billigare for oppdrettsselskapa å lusebehandla i merdane. Og der trengst langt meir kjemikaliar enn i dei små tankane på brønnbåtane, seier Boxaspen.

I høyringssvaret skriv Havforskingsinstituttet at «Dette kan bidra til å motverke føremålet med forskriftsendringa.»

– Lus bør samlast opp

I tillegg meiner havforskarane oppdrettarane bør bli pålagt å samla opp lakselusa etter behandling av fisken.

«Dette vil sikre både mot repåslag (at lusa festar seg på ein annan fisk) der behandling ikkje drep lusa, men òg mot at ein slepp ut lus som overlever som følge av delvis resistens (motstandsdyktigheit mot kjemikaliane).»

Havforskingsinstituttet tilrår også at det blir laga detaljerte rapporteringskrav for all kjemikalie- og medisinbruk i oppdrettsnæringa.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo