NRK Meny
Normal

Nektar å seie kva skular som blir råka

2500 lektorar går ut i streik, men kva skular det vil gå ut over nektar Norsk Lektorlag å seie. – Vi varslar først fire dagar før, seier leiaren i Norsk Lektorlag.

Gro Elisabeth Paulsen

GÅR UT I STREIK: Norsk Lektorlag bestemte tysdag kveld at medlemmer landet over streikar frå og med 30. juni. Elevar ved vidaregåande- og ungdomsskular vil først merke streiken etter sommarferien, men kvar det blir tatt ut folk i streik nektar lektorlaget å seie noko om på førehand. – Vi vil først varsla fire dagar før, seier leiar Gro Elisabeth Paulsen.

Foto: Norsk Lektorlag

Først ved skulestart får elevar ved ungdomsskular og vidaregåande over heile landet vite om deira skule blir råka av den varsla streiken.

Lektorane er ikkje åleine om å streike mot ny arbeidstidsavtale. Onsdag blei det kjent at òg Utdanningsforbundets medlemmer går vil streike.

Blant lektorane kan 2500 ende opp med å kome ut i streik. Erik Holth, fylkesleiar i Norsk Lektorlag i Hordaland, seier oppslutninga omkring streiken er stor blant organisasjonens medlemmer.

Men kvar eller kven som skal ut i streik, anar han ikkje.

– Det veit eg ingenting om. Vi tar sommarferie no, og så ventar vi beskjed frå lektorlaget sentralt om kven som blir tatt ut.

2500 kan gå ut i streik

Landet over har Norsk Lektorlag 2500 medlemmer organisert hjå seg, dei fleste tilsette på vidaregåande skular, men òg ein del på ungdomstrinnet.

Leiar Gro Elisabeth Paulsen veit kvar det er planlagt aksjonar. Men kva for skular det gjeld, vil ho ikkje seie noko om.

– Det veit vi, men vi kan ikkje seie noko om det no. Berre ved fire dagars varsel.

– Kva med elevane då, når vil dei få vite kven det gjeld?

– Dei får vel òg vite det med same tidsmargin.

Offisielt i streik om fem dagar

Tysdag kveld sa lektorlaget nei til ny arbeidsavtale i KS. Den omstridde arbeidstidsavtalen går i korte trekk ut på at alle lærarar må vere 7,5 timar kvar dag på skulen.

Det har vekt reaksjonar, ettersom mange lærarar er avhengige av fleksibel arbeidstid for å få arbeidsdagen til å gå rundt – blant anna fordi arbeidet inneber oppgåver utanfor klasserommet òg, som planlegging og retting.

Alt frå 30. juni er Norsk Lektorlag offisielt i streik. Men første streikeuttak kjem altså ikkje før ved skulestart i august.

Les òg: – Streiken kan bli langvarig

Stor streikevilje

Både i leiinga og blant medlemmer er det stor streikevilje, fortel Paulsen.

– Denne arbeidstidsavtalen kunne vi ikkje seie ja til. Det handlar ikkje om pengar og løn, men om at arbeidsgivar ikkje stolar på at folk gjer jobben sin.

I Hordaland seier fylkesleiar Erik Holth det same: At det handlar om fridom til å gjere jobben.

– I seg sjølv er det ingenting gale i at ein må vere sju og ein halv time på arbeidsplassen, det er dei fleste av oss. Men det å begynne på ein rettebunke for eksempel, er greitt å heller ta heime på kveldstid.

– Mange av oss prøver å unngå å ta med jobben heim, men de vil behalde retten til å gjere det?

– Vi kan gjere ein betre jobb overfor våre elevar med meir fleksibel arbeidstid der vi blir gitt den tilliten.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.