Hopp til innhold

Scora mot Brann på 24-årsdagen

- Det var deilig, det må eg innrømma, seier Kristian Pilskog, etter å ha sett inn Loddefjord sitt trøstemål mot Brann.

Kristian Pilskog

FEKK SKRYT AV MJELDE: Loddefjord-spelar Kristian Pilskog scora mot Brann, og fekk ros av Mons Ivar Mjelde.

Foto: Astrid M. Nordhaug/Digitalsport

Bursdagsbarnet scora frå svært spiss vinkel eitt minutt før slutt i 1. runde-kampen mot Brann.

Stillinga var 0-4, og kampen avgjort. Men Pilskog feira som om målet skulle gje heimesiger.

- Det var kanskje litt rart å feira på den måten då vi låg under 4-0, men det var kjempedeilig å få eit mål, seier Loddefjord-spissen til NRKHordaland.no.

Mons Ivar Mjelde

Brann-trenar Mons Ivar Mjelde

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

- Pilskog var hurtig

Han skryt uhemma av innsatsen lagkameratane viste mot eliteserielaget. Sjølv var han småfarleg gjennom heile kampen, og viste liten respekt for Brann-spelarane.

- Loddefjord var som forventa. Dei jobba godt og sto på. Det var to spillarar som utmerka seg ekstra . Nummer 11 Pilskog var hurtig, og Chris Nødtvedt var flink med ballen, skryt Brann-trenar Mons Ivar Mjelde.

LES OGSÅ: - HAR SAKNA HUSEKLEPP

Feirer med dessert

Pilskog hadde fleire gode sjansar til å scora.

- Ja, det var trist med den i første omgangen. Men då kjem det vel inn det med rutine. Eg såg dei kom mot meg frå begge sider, og skaut istadenfor å ta eit steg til, forklarar han.

Uansett, scoringa var ein hyggjeleg bursdagspresang.

- Kjempegøy å få måla seg med dei beste. No skal eg feira med litt dessert og ha nokre vener på besøk, smiler kveldens helt i Loddefjord.