Hopp til innhold

Scandinavian Star-kommisjonen håpar å finna svar i utbrent ferje

Granskingskommisjonen etter ferjebrannen som tok 159 menneskeliv skal læra av brannen på MF «Strand».

Brann i MF Strand på Rubbestadneset Bømlo

KRAFTIG BRANN: Ingen kom til skade då det byrja å brenne i MF «Strand» på Rubbestadneset i oktober. Brannen oppstod under servicearbeid.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Fire representantar frå granskingskommisjonen etter Scandinavian Star-ulukka kjem til Bømlo og Rubbestadneset i dag.

Der går dei om bord i M/F Strand for å studere dei enorme skadane etter ferjebrannen i oktober. Målet er å henta kunnskap og erfaring, fortel leiar av granskingskommisjonen, Frank K. Olsen.

– Det er branngruppa i kommisjonen som skal kikke nærare på brannen. Det er ikkje noko spesielt me skal sjå etter. Det er primært for å danne seg eit heilskapleg inntrykk av korleis ein brann i ein lukka stålkonstruksjon utviklar seg.

Skader etter fergebrann på Bømlo

ENORME SKADER: Det tok over 20 timar å sløkkje brannen på MF Strand.

Foto: MAGNE LANGÅKER

På oppdrag frå Stortinget

159 menneske omkom då det braut ut brann i bilferja «Scandinavian Star», natt til 7. april 1990. Omstenda rundt brannen og den etterfølgande etterforskinga har vore svært omdiskutert.

Våren 2015 vedtok Stortinget samrøystes å nemna opp ein uavhengig granskingskommisjon. Føremålet deira er å vurdera om tidlegare handsaming av Scandinavian Star-ulukka gir eit korrekt bilete av saka.

I etterkant av ulukka har det kome fram fleire opplysningar om brannen, som til slutt gjorde at Stortinget såg seg nøydde til å setja ned ein eigen granskingskommisjon.

Brann om bord i "Scandinavian Star"

BRANN: 159 menneske, av dei 24 barn, omkom då bilferja «Scandinavian Star» byrja å brenne i Skagerrak i april 1990.

Foto: Løchen, Per / SCANPIX

Kan gi viktige svar

Den ferske ferjebrannen på Bømlo gjer at kommisjonen no får ein moglegheit til å sjå nærare på korleis brannar i passasjerferjer utviklar seg.

Det granskarane tek med seg onsdag blir ein del av den endelege rapporten som kommisjonen skal levere frå seg 1. juni neste år.

– Denne informasjonen blir ein del av det samla erfaringsgrunnlaget som kommisjonen har som bakteppe når vi skal konkludere i granskinga vår, seier Olsen.

Sorenskriver Frank K. Olsen

LEIAR: Sorenskrivar Frank K. Olsen er leiar for granskingskommisjonen etter Scandinavian Star-ulukka.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Sikre på brannårsaka

Politiet etterforskar framleis brannen på MF «Strand», men er no sikre på at det var skjærebrenning av skrogplater som er brannårsaka.

Passasjerferja til Norled var inne til service hjå Los Marine på Rubbestadneset, då brannen braut ut.

NRK får opplyst at det står att fleire avhøyr i saka, for å avdekka om det har skjedd noko aktlaust under reparasjonen.

Skader etter fergebrann på Bømlo

UTBRENT SALONG: Slik ser salongen på MF «Strand» ut etter brannen. Ferja kjem aldri tilbake i trafikk.

Foto: Magne Langåker

Blir hogd opp

Samstundes har Norled endeleg bestemt seg for å kondemnera ferja. Det blir for dyrt å reparere MF «Strand», som gjekk i trafikk på sambandet Skjersholmane – Ranavik i Hordaland.

Selskapet ser seg om etter ein erstatning for ferja.

– Før ferja går til opphoggar, vil vi sjå om dei ferjedelane som ikkje er øydelagt av brannen, kan takast ut og nyttast vidare til andre eksisterande ferjer, fortel regionsjef Inge André Utåker i Norled.