Hopp til innhold

Sauesanking forseinkar i Ulvik

I Ulvik har Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre halde på med forhandlingar etter at valresultatet var klart. Partia er ikkje blitt samde enno, og vil utsetja forhandlingane til over helga. – Fleire av dei som skal forhandla må på sauesanking i desse dagar, og me ønskjer ikkje å forhasta oss. Difor fortset vi på tysdag. Sånn er det her på bygda, det er viktig å få ned beista frå fjellet, seier Hans Petter Thorbjørnsen (Ap).

Valdebatt i Ulvik
Foto: Tale Hauso / NRK