Hopp til innhold

Kven har farga Ronny sine sauer blå?

Blåmåndag for sauebonde på Sotra. – Eg anar ikkje kvifor nokon har gjort dette.

Blå sauer i Fjell kommune, med bonden Ronny Fjeldstad

SKIFTA FARGE: Elleve av sauene til Ronny på Sotra i Hordaland har blitt blå. Den mørkaste sauen slapp unna og lurer nok fælt på kva som har skjedd med resten av gjengen.

Foto: Marit Kalgraf / Vestnytt

Det var måndag at sauebonde Ronny Fjeldstad på Sotra utanfor Bergen fekk ein drøss med telefonar frå lokalbefolkninga. Dei hadde sett blå sauer gå langs vegen og i hagane til folk.

– Nokon har spraymåla dei. Ein av sauene er svart, den har fått vera i fred. Men dei andre 11, som var kvite, er no blå, sukkar Fjeldstad til avisa Vestnytt, som først omtalte saka.

Bonden har 250 sauer som går på beite ulike stader i Fjell kommune. Dei elleve sauene som skifta farge over natta beita på Sekkingstad, vest i kommunen.

Blå sauer på Sotra utanfor Bergen

Nokon har spraymåla desse sauene i Fjell kommune på Sotra utanfor Bergen.

Foto: Marit Kalgraf / Vestnytt

Melder saka til politiet

Sjølv om dei som står bak spraymålinga moglegvis har hatt det gøy, smiler ikkje Fjeldstad noko særleg. Han har meldt saka til politiet.

– Eg anar ikkje kvifor nokon har gjort dette, om det er fordi dei trudde det var morosamt eller om dei har noko i mot meg. Då kunne dei i tilfelle ringt meg i staden.

– Eg tykkjer det er dårleg gjort å la det gå utover dyra. Korleis dei har blitt behandla når dei har blitt malt, veit eg jo ingenting om, seier Fjeldstad og oppmodar folk som veit noko om å ta kontakt anten med han eller med politiet.

Fargen går ikkje vekk

Han har henta dyra heim til Hellesøy og tvilar på at det er eit valkampstunt frå ei blå blokk. Uansett får han ikkje det blå vekk, så sauen får ikkje tilbake sin naturlege farge.

- No har det regna, og fargen går ikkje bort. Eg får berre skrota ulla etter at sauene har blitt klipt i haust, avsluttar bonden til Vestnytt.

Ronny Fjeldstad med dei blå sauene sine

Sjølv om dei er blitt blå, er sauene framleis glad i grønt gras og lys loff.

Foto: Marit Kalgraf / Vestnytt