Hopp til innhold

Ho gjer god butikk på breiband i nabofylket

Medan lokale BKK ikkje vågar å ta risikoen, satsar kommunane i stavangerområdet no på å gjera god butikk på fiberutbygging i Bergen.

Torill Nag

SATSAR STORT: Konserndirektør i Lyse, Torill Nag, meiner ting tyder på at Bergen har venta lenge på å få gode breibandtenester. Det er ein marknad dei no satsar mot.

Foto: LYSE

– I praksis bygger me fibernett for Lyse, seier ein BKK-tilsett NRK har snakka med.

Ein rapport frå rådgjevingsselskapet Nexia har synt at Bergen ligg etter i utbygginga av fiberbreiband. Det har gjort at Rogalandsbedrifta Lyse har opplevd uvanleg stor interesse i Bergen, medan BKK framleis held på bremsen.

– Når vi går inn i bustadområda her vil gjerne 50–60 prosent ha fiber. I Bergen har det vore kanskje 80 prosent som har sagt ja, så det tyder på at dei har venta lenge på å få denne typen tenester, seier Torill Nag, konserndirektør for teleområdet i Lyse.

– På mange måtar eit U-land

Oddvar Nilsen

FÅR FORTENESTE: Sjølv om Lyse investerer mest i fibernett i Bergen, får også medeigar i Bergen fiber, BKK sin forteneste, seier styreleiar Oddvar Nilsen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Sidan BKK trappa ned satsinga si i 2009 har det vore lite som har skjedd på denne marknaden. Eit av fleire selskap som kom på bana i fjor, er Bergen fiber, eit samarbeid mellom Lyse og BKK. BKK eig 15 prosent og stiller sitt sentrale nett til disposisjon, medan Lyse med sine 85 prosent tek risikoen og byggjer fram til husveggen.

– Lyse tek slik sett investeringa, men vi vil også få fortenesta, for di meir utbygging det blir, di meir trafikk vil det bli og då får vi utbyte for den investeringa vi har gjort, seier styreleiar i BKK, Oddvar Nilsen.

Tina Åsgård i SV i Bergen meiner den store interessa, samt resultata i analysen til Nexia, syner at kommunane, gjennom BKK, i større grad burde ha investert på heimebane.

– Desse tala viser at Bergen på mange måtar er eit u-land i kommunikasjonssamanheng. Kommunen kunne ha tent på å byggje ut denne infrastrukturen, seier ho.

Ser gode moglegheiter

Fiber

ETTERTRAKTA: Medan Bergen ligg bakpå med utbygginga av fiberbreiband, satsar småkommunar i stor skala.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Men finansbyråd i Bergen, Liv Røssland (Frp), held fast ved det ho tidlegare har sagt. Ho ser ingen grunn til at BKK skal ta ei større investering i fibermarknaden i BKK-området.

– Det er ingen grunn til at det gode selskapet BKK, som ein fantastisk leverandør på energisida, skal gå inn og setje seg ut for risiko i ein marknad som fungerer.

I Rogaland er haldninga ei anna. Nag i Lyse ser på Bergens- og Hordalandsmarknaden som ein god kommersiell mogelegheit for kommunane i Stavangerområdet.

– Det var jo nettopp fordi vi ser at Bergen er ein veldig spennande marknad. Klart at det representerer ein kommersiell moglegheit som Lyse synest er veldig spennande, seier Nag.