Hopp til innhold

Sandviken utlikna på overtid i lokaloppgjeret

Drama på Stemmemyren då Sandviken greidde uavgjort på overtid mot Arna-Bjørnar.

Kampreferat fra lokaloppgjøret i Toppserien

JUBEL: Sandviken jublar for 2–2 mot Arna-Bjørnar. Målet kom eitt minutt på overtid.

Laster innhold, vennligst vent..

Men det byrja på verst moglege vis for heimelaget Sandviken. Kampuret var knapt passert sju minutt før det allereie stod 2–0 til førehandsfavorittane Arna-Bjørnar.

Kampen mot Sandviken hadde lite å seia tabellmessig for dei to laga i Toppserien i fotball, men som i alle lokaloppgjer ligg det ein del prestisje i å koma sigrande ut.

Etter berre to minutt sende Lauren Bohaboy bortelaget i føringa med eit skot i lengste hjørnet. Bohaboy kom seg fri ved høgresida av 16-meteren, forserte innover og sette venstrefoten til.

Dårleg forsvarsspel

Sandviken-keeper Ashley Thompson var borti ballen, men kan også klandra passivt forsvarsspel for at Bohaboy i det heile tatt kom til skot.

Dårleg av forsvaret var det også då Maria Brochmann auka til 2–0 etter ein corner. Umarkert fekk midtbanespelaren heade ballen i lengste hjørnet.

Sandviken slo tilbake

Men heimelaget skulle slå tilbake. Etter 32 minutt sette heimelaget i gong eit nydeleg angrep som enda med at Andrea Thun kunne sette ballen i mål på blank kasse.

Resten av kampen fortona seg som ein midtbanekrig mellom dei to bergenslaga men til slutt fekk Sandviken utteljing.

På overtid fekk kvittrøyene frispark i farleg posisjon. Dødballen gjekk rett i stolpen. På returen var kaptein Andrea Thun igjen først frampå, og heada inn utlikninga til stor jubel frå heimefansen.

Dermed enda det 2–2 i den siste kampen i årets sesong for Arna-Bjørnar og Sandviken. Arna-Bjørnar enda på sjuande plass med 26 poeng, medan Sandviken til slutt kan sei seg nøgd med ein niande plass, 21 poeng og fornya kontrakt i Toppserien.

Laster innhold, vennligst vent..