Hopp til innhold

Sandviken tok tre etterlengta poeng

Sandviken møtte Amazon Grimstad på Stemmemyren kunstgras i den 10. runden i Toppserien for kvinner laurdag. Kampen enda 2–1 til heimelaget.

Melissa Bjånesøy
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Dermed tok Sandviken tre etterlengta poeng i botnstriden i Toppserien.

– Dette betyr mykje. Det gjev eit ekstra løft å gå inn i sommarferien med ein siger, seier trenar Øyvind Nordtveit til Bergens Tidende.

I steikande sol på Stemmemyren kunstgras tok heimelaget føringa allereie etter 14 minutt. Eit kanonskot frå Mia Kristin Nygard fann vegen til krysset. Sandviken var det førande laget i første omgang og hadde fleire gode sjansar til å auke leiinga.

Etter 35 minutt sette Melissa Bjånesøy ballen i stolpen frå kort hald.

Men det var Amazon Grimstad som skulle setje neste ball i mål. Trine Miram Songve Iversen runda keeper i det 38 minutt, og utlikna til 1–1

Tok leiinga like før slutt

Etter pause var det ein jamnare kamp, og spelet bølga att og fram.

Men i det 88. minutt avgjer Sunniva Lillestøl for heimelaget. 2–1 og jubel for dei 149 frammøtte.

- Veldig deilig, eg byrja nesten å grine fordi eg var så sliten. Dette var en fin måte å avslutte vårsesongen på, seier matchvinnaren til BT.

Sandviken kryp difor opp frå botnplasseringa til 11. plass i Toppserien, med 6 poeng.