Hopp til innhold

Sandberg vil ettergå omstridt villaks-forsking

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) vil be uavhengige ekspertar gå gjennom ein forskingsrapport frå Havforskingsinstituttet som næringa er kritisk til.

Per Sandberg

REINSKA LUFTA: Fiskeriminister Per Sandberg gjer grep i konflikten mellom Havforskingsinstituttet og Norske Sjømatbedrifters Landsforening. Partane var innkalla til oppvaskmøte på statsrådens kontor i går.

Foto: JON OLAV NESVOLD / NTB SCANPIX

Sandberg kalla torsdag inn leiinga i Havforskingsinstituttet (HI) og i Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) til eit oppvaskmøte, etter lengre tid med konflikt mellom dei to aktørane.

Kranglinga byrja då oppdrettsorganisasjonen sende ei åtte sider lang uromelding til Fiskeridepartementet med skuldingar og spørsmål om Havforskingsinstituttet si mangeårige studie av lakselus i Etneelva og Guddalselva i Kvinnherad.

– Alle våre forskingsinstitusjonar må tole å bli sett i korta. Det er det som gjer oss så gode, seier fiskeriministeren til NRK etter møtet.

Fiskeriministeren opprettar no eit fagråd som skal gå gjennom rapporten frå Havforskingsinstituttet og vurdera kritikken frå NSL.

Laksefella i Guddalselva

STRIDENS KJERNE: Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) meiner Havforskingsinstituttet sine studiar her i Guddalselva i Kvinnherad mellom anna gir eit falsk bilete av at lakselus frå oppdrett gir nedgang i villfisken.

Foto: Havforskningsinstituttet

– Må tole å bli sett i korta

I den lange kritikkrekkja meiner NSL at Havforskingsinstituttet sine studiar både kan ha skada den ville bestanden og gitt eit falskt bilete av at lakselus frå oppdrett gir nedgang i villfisken.

Havforskingsinstituttet har kalla kritikken for «skittkasting» og usakleg mistenkeleggjering.

At vi juksar med forskingsresultata våre er heilt usaklege og grove påstandar. Slikt skal ein ikkje slenga rundt seg, utan å kunna dokumentera det.

Sissel Rogne, direktør i Havforskingsinstituttet, til NRK 7.mars 2016

– Har statsråden grunn til å tvila på Havforskingsinstituttet si kompetanse og intensjonar?

– Eg har ingen grunn til å tvile på noko før eg har fått ein skikkeleg gjennomgang av ekspertar. Alle uromeldingar og innspel frå næringa i smått og stort, tek eg på alvor. Viss ikkje hadde eg ikkje gjort jobben min som statsråd.

– Eg har ikkje opplevd makan

Etter oppvaskmøtet hjå ministeren i går ville verken fagsjef Frode Reppe i Norske Sjømatbedrifters Landsforening eller direktør Sissel Rogne ved Havforskingsinstituttet intervjuast. Men NRKs reportasje for tre veker sidan viste kor betent denne saka er.

– Vi ser at den forskinga ikkje er så bra som den burde vera, sa Reppe i NSL, som dessutan spør seg om Havforskingsinstituttet kan ha bindingar til Noregs største oppdrettsselskap, Marine Harvest, og følgjeleg forskar på deira vegne i Guddalselva.

– Det er heilt usakleg, eg har ikkje opplevd makan, kontra direktør Sissel Rogne i HI.

Sissel Rogne

Direktør Sissel Rogne i Havforskingsinstituttet.

Foto: Bioteknologirådet

Kritiserer Sandbergs krav til forskarane

Til Bergens Tidende finn Sandberg det naudsynt å påpeika at Havforskingsinstituttet er og skal vera eit næringsvennleg institutt, som skal dela ambisjonane som regjeringa har for vekst i oppdrettsnæringa.

Det får fleire til å reagere.

– Det er ikkje Havforskingsinstituttet si oppgåve å heia på noko som helst. Dei skal vera objektive, slik at politikarane har det best moglege vitskapelege grunnlaget for sine avgjerder, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen til BT.

– Vitsen med at politikarar har forskarar, er at forskarar skal komma med fagleg forsvarlege analysar, som er minst mogleg påverka av andre forhold, kommenterer Steinar Vagstad i Forskerforbundet.

– Arbeidsdelinga blir veldig snål dersom Sandberg skal legge politiske føringar i munnen på forskarar. Slike forskarar ville ikkje eg stolt på.

Dag Rune Olsenm rektor

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen reagerer på at fiskeriministeren vil ha «næringsvennlege» forskarar.

Foto: UiB