Hopp til innhold

Samlast på Facebook for å sove saman på tog

– Vi er mange som ønskjer å dele, seier opprettaren av Facebook-gruppa «Dele kupé på NSB».

Facebook-gruppa "Dele kupe på NSB"

VIL DELE: Gruppa «Dele kupé på NSB» har 300 medlemmer og regelmessig kjem det spørsmål om nokon vil dele kupé.

Foto: Dele kupe på NSB / Facebook

– Som flittig togreisande synest eg det er mykje å betale for både sete og to senger om eg skal sove på nattoget, seier Hedda Barfod Ørbæk frå Oslo som er student i Bergen.

I april i fjor oppretta ho og ei venninne Facebook-sida «Dele kupé på NSB», som no har fått over 400 medlemmer.

Hedda Victoria Barfod Ørbæk

ENGASJERT: Hedda Barfod Ørbæk har oppretta Facebook-sida «Dele kupé på NSB».

Foto: Privat

I dag må ein booke ein heil tomannskupé til 930 kroner, sjølv om ein reiser åleine på nattoget. I tillegg må ein kjøpe vanleg togbillett.

Nokon som også har reagert på dette er Miljøpartiet Dei Grøne. NRK kunne denne veka fortelje at dei ønskjer å endre ordninga på norske nattog, slik at ein får moglegheit til å bestille berre ei seng.

Endring gir fleire togpassasjerar

– Når ein organiserer i lag kan ein få overnattinga for halve prisen, seier Ørbæk.

Men den miljøengasjerte studenten meiner det bør bli ei systemendring hos NSB med eit alternativ for å velje enkeltsenger for ei billig penge, så gruppa ikkje treng å måtte organisere det sjølv.

– Ei endring kan gjere at fleire vil velje tog enn billige flyreiser, det vil auke kapasiteten og bidra til ei grønare utvikling i NSB, meiner Ørbæk.

Tom Sverre Tomren i Miljøpartiet dei Grøne (MDG) har nyleg oppretta ei liknande side på Facebook som heiter «Nattoget Bergensbanen».

– Den er meint både som eit hjelpemiddel og som eit signal til NSB om at dei må lage ei løysing som gjer at fleire kan få soveplass til ein billigare penge, seier Tomren.

Sovekupé på nattog

TOMANNSROM FOR EIN: I dag kostar det 930 kroner – pluss togbillett – for å sove i eigen kupé på nattoget i Noreg.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Har ikkje vurdert ei endring

Tidlegare var det tremannskupé der ei seng kosta 125 kroner, men då NSB pussa opp vognene i 2004 la dei om ordninga.

Pressesjef Åge-Christoffer Lundeby i NSB uttala tidlegare i veka at dei ikkje har vurdert å endre på ordninga.

– Vi gjorde eit grundig feltarbeid ved omlegginga, og stilte spørsmål til fleire kundar. Få syntest det var ein god ide å dele kupé. Toget blir nok noko fortare fullt enn det ville blitt elles, men vi får framleis gode tilbakemeldingar på at kundane ønskjer sitt private område, seier Lundeby.

Her er svar frå NRK-lesarane på spørsmålet om dei ville dele kupé:

Laster innhold, vennligst vent..

Sparar pengar

Ørbæk meiner derimot det er mange som er villig til å dele kupé, og har difor oppmoda medlemmene i gruppa til å sende mail til NSB med ønskje om ei endring.

Ragnhild Freng Dale er også medlem av gruppa og har vakse opp med nattoget mellom Bergen og Drammen.

Ho seier det tidlegare var heilt vanleg å dele kupé og har i det seinare nytta seg av kupédeling i Sverige, og seier ho på den måten har spart pengar.