Dei fleste hatar mose i hagen - Hjørdis samlar på det

Mose er ein plage i mange norske hagar. Hjørdis Juvik har gjort plaga til pynt i sin hage – og har til og med fått mannen til å like veksten.

Mosehagen i Os

MOSEPRYD: Hjørdis og Thorolf Juvik sin hage i Os har gjort mose til pryd.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Hjørdis og Thorolf Juvik

MOSEGLAD: Hjørdis Juvik har til og med fått mannen Thorold til å like mose.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi får jo besøk av mange hagefolk som seier: At de ikkje går på med høytrykks-spylar, men eg prøver heller verkeleg å få mosen til å vokse på fjellet.

Det seier Hjørdis Juvik. Ho likar godt mosen, som dei fleste andre ser på som ein hata veksten dei helst vil bli kvitt.

Får vokse fritt

Heime i hagen hennar i Osøyro i Hordaland får mosen vekse nesten fritt. Og for Hjørdis er forma viktigare enn blomstrane.

Mose

VOKS FRITT: Mosen får vokse fritt på fjellknausane i hagen til Hjørdis. Mange av moseartane har ho fått av vennar og kjende.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

–Eg syns at mose er veldig flott når det veks på fjellet, seier ho.

Etter mange år med mosepleie har det begynt å gje resultat.

– Eg tykkjer det faktisk er blitt veldig fint enkelte plassar, seier Hjørdis til NRK.

– Ingen må røre mosen min!

Til og med mannen Thorolf har omsider vent seg til å ha mose i hagen. Han støtter kona:

– Ho har mykje løye for seg, naboane skjønar jo ikkje heilt dette her når ho ligg med gaffel her på ein kvadratmeter ein heil dag.

Dei lurer vel på kva det eigentleg er ho driv med.

– Eg er livredd for mosen min. Ingen må røre mosen min, seier Hjørdis.

Som ei minnebok

Hagen til Hjørdis er hennar eigen minnebok. Mykje av staudane har ho fått av venner.

Ute er ho ikkje så oppteken av blomstrane, men det er greitt viss dei er så små som mogleg. Men det er ikkje alltid det er like lurt.

Mosehagen

EIT SYN: Mosehagen til Hjørdis Juvik er blitt eit flott syn etter mange år med pleie.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

For mannen ser ikkje dei bitte små plantane. Det er nemleg éin plass i hagen mannen ikkje får lov å vere, og det er der ho har planta alle dei minste vekstane.

Og korleis dei sår seg, det er ein liten hemmelegheit. For maurene transporterer frøa frå eine staden til andre.

Stadig i endring

Eigedomen i Os har endra seg totalt etter 40 år med stadig nye plantar.

– Dette her er ein rhododendron som vi har fått hos ein veldig god hagevenn av oss, ja, som dessverre er vorte sjuk, så den må vi verkeleg ta godt vare på.

Plantane som dei får treng ikkje vere så vakre, men dei betyr mykje for ekteparet. Plantane får også sine eigne namn, som Pål og Jan Gustavsen, då dei får same namn som gjevarane.

– Hagen vår er rett og slett som ei minnebok meir eller mindre, for vi får så masse fine plantar.

Mosehagen i Os

MOSEPRYD: Hjørdis og Thorolf Juvik sin hage i Os har gjort mose til pryd.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK