NRK Meny
Normal

Kripos bidrar med identifisering

Kripos si ID-gruppe har samla inn DNA frå pårørande, med tanke på å bistå i identifiseringsarbeidet.

ID-gruppen i Kripos har hentet inn DNA fra norske pårørende.

Dei som framleis venter på sine, klamrar seg til håpet. Samstundes førebur dei seg på den verste utgangen.

LES: Algerie: Bekrefter at dødstallene vil stige

I dag gav familiane til dei fem sakna informasjon til Kripos. Denne informasjonen skal forhåpentlegvis kunne gjere identifiseringsarbeidet lettare.

– Dette er opplysningar som algeriske myndigheiter treng for å kunne føreta ei identifisering av dei ofra som måtte vere der nede, seier Per Angell, leiar for ID-gruppa i Kripos.

Angell reknar med å ha alle opplysningar inne i løpet av søndag.

Høg standard i Algerie

Kripos har allereie ein person på plass ved den norske ambassaden i Algerie, og fleire er reiseklare. Men algeriske styresmakter har enno ikkje tatt imot tilbodet om hjelp frå norske ID-ekspertar.

– Vi skulle gjerne ha reist og bidrege. Vi har sendt eit tilbod om at vi kan bistå, men vår erfaring er at dette er eit land med høg standard på denne tenesta sjølv, seier Angell.

LES: Kripos avhører overlevende

Fungerande kommunikasjonssjef i Kripos, Anne Bye Sandal, seier det er uvisst om opplysningane kan brukast.

– Innsamlinga av DNA frå dei pårørande blir gjort for at ein eventuelt kan bistå dersom det skulle bli behov for identifiseringsarbeid, seier ho.

Kan obdusere i Noreg

Rettsmedisiner Inge Morild ved Gades institutt i Bergen er med i ID-gruppa og har hjelpt til med identifisering av ofre ved fleire katastrofar. Han seier det truleg må gjerast undersøkingar både i Algerie og i Noreg dersom nordmenn har blitt drepne i terrorangrepet i In Amena.

– Identifiseringa i Algeria må gjerast for å finne ut kven dei er. Vi kan obdusere ofra for å finne ut kva som har skjedd, og om kva for skader som eventuelt var døydelege, seier Morild.

Opplysningane som skal kunne identifisere dei fem sakna nordmennene vil bli sendt til Algerie med ein gang dei er klare.

Stillbilde fra algerisk TV viser gisler som overgir seg til gisseltakere ved In Amenas i Algerie

Algerisk TV viste gissel som overgir seg til gisseltakere ved In Amenas.

Foto: Ennahar TV / Afp

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017