Hopp til innhold

Samla overgrepsmateriale i 15 år

Ein mann i 50-åra er dømd til fengsel i eitt år og ti månader, for å ha samla og spreidd overgrepsmateriale, skriv BT. På mange av bileta vert born utsette for grove seksuelle overgrep. Mannen vart pågripen i fjor haust. Då fann politiet over 87.000 overgrepsbilete og 665 ulovlege filmar heime hos mannen.