NRK Meny
Normal

Kjempar for skulen – samla inn 150.000 kroner på ei veke

HAUGLAND (NRK): Ei formidabel kronerulling ser ut til å berga Haugland skole i Bergen. – Det store engasjementet imponerer oss, seier FAU-leiar.

Foreldre på Haugland skule

KJEMPAR FOR SKULEN: Stine Sagedal, FAU-leiar Kjell-André Johannessen og Derek Allport (bak) er imponerte over at det har kome inn over 150 000 kroner til oppstart av privat skule på Haugland.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Den vesle skulen på Haugland, knappe tjue minutt frå Bergen sentrum, har vore nedleggingstruga i mange år. Spikaren i kista sette bystyret i fjor.

Skulen skal leggast ned frå hausten 2018 og dei over 70 elevane skal byrje på Ytre Arna barneskule i staden. Men foreldra i bygda nektar å gi opp.

– Når kommunen ikkje vil driva skulen her, så må me sjå på om me kan gjera det sjølve, seier FAU-leiar Kjell-André Johannessen på Haugland skule.

Pengane strøymde inn

Forelda vil berga den lokale skulen sin med å starta opp ein Montessori-skule. For å få sendt ein søknad til Utdanningsdirektoratet, må dei ha 100.000 kroner på konto.

Og etter at foreldra starta kronerullinga har det tatt heilt av, ifølge Johannessen. På ei knapp veke har det runne inn over 150.000 kroner til oppstart av privat skule.

– Bygda har stilt opp og det gjer oss varme. Engasjementet er stort og det imponerer oss, seier Johannessen.

Han legg til at foreldra til over 60 av elevane som går på skulen i dag, er positive til at skulen vert privat. Pengane har kome inn frå både privatpersonar og bedrifter.

Haugland skole Haugland skule i Arna

BLIR MED: I dag går det over 70 elevar på barneskulen på Haugland. Fleirtalet av bygda vil halda fram med å senda barna hit om skulen blir privat.

Foto: NRK

Engasjerte

Stine Sagedal har i fleire år vore svært engasjert i aksjonen for å redda skulen, der eitt av hennar tre barn går i dag.

For ho og mange andre på Haugland er det mellom anna viktig at barna deira har ein kort og trygg veg til skulen.

– Vi flyttar på oss om skulen forsvinn. Då flyttar vi til ein stad som er lik denne. Ei lita bygd med ein liten skule, seier Sagedal.

Skulebyråd Pål Hafstad Thorsen

SKULEBYRÅD: Pål Hafstad Thorsen (Ap).

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Djup respekt

Skulebyråd Pål Hafstad Thorsen (Ap) har fått kritikk etter vedtaket i bystyret i fjor. Han seier det er fritt fram for privatskule men ser helst at elevane på Haugland held fram på ein offentleg skule.

– Eg har djup respekt for dei som er usamde med vedtaket i bystyret. Men vi skal rehabilitere Ytre Arna skule og gjere den til eit oppvekstsenter for alle barna i Arna bydel. Elevane på Haugland er hjarteleg velkomne og eg håpar foreldra tek med seg det same engasjementet som dei viser i denne saka, seier Hafstad Thorsen.

Det er Utdanningsdirektoratet som avgjer om foreldra får starte opp ein privat barneskule på Haugland frå hausten 2018.

– Kor godt rusta er de til å driva skulen?

– Det er klart det vil vera utfordringar, men ingen av ein slik storleik at vi ikkje skal klare å handtera det, avsluttar Johannessen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.