Hopp til innhold

Samferdsleministeren ber om full gjennomgang av bomselskapa

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) ber om økonomikontroll av alle bomselskapa etter NRK-avsløringar. Fylkeskommunane som eig bomselskapet Ferde, kallar inn til eigarmøte på kort varsel.

Bompenger og bomringen i Bergen

GRANSKING: Etter dei siste NRK-avsløringane om bomselskapet Ferde vil samferdsleministeren ha økonomikontroll av alle som krev inn bompengar.

Foto: NRK

Statsråden tar affære etter at NRK dei siste dagane har skrive om korleis Ferde har handla med selskap der tilsette har hatt eigarinteresser.

Tidlegare i år måtte òg direktør Anne-Karin Sogn i bomselskapet Fjellinjen gå av etter ein kritisk rapport frå Deloitte.

Ber om gjennomgang

«Eg har merka meg funna i gjennomgangen av Fjellinjen og seinare tids medieomtale knytta til forhold hos Ferde. For Fjelllinjen vart det vald ein ekstern gjennomgang av selskapet. I lys av funna i denne eksterne gjennomgangen, og den siste tida si medieomtale av ulike forhold i andre selskap, vil eg oppmode fylkeskommunene som eigarar om å gjennomføre slike eksterne gjennomganger med bompengeselskapa», skriv Dale i eit brev til fylkeskommunane.

Jon Georg Dale i Jølster

BER OM KONTROLL: Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) ber fylkeskommunane granske økonomien i bomselskapa. (Arkivfoto)

Foto: Bård Siem / NRK

Denne veka har NRK fortald at bompengar frå bergensbilistane har blitt brukt til å handle med eit privat selskap der bomsjefen i Ferde sjølv hadde eigarinteresser.

Bomselskapet er eigd av fem fylkeskommunar og tok i fjor inn 2,4 milliardar kroner frå bilistar på Sør- og Vestlandet. Hordaland er eitt av dei fem eigarfylka til Ferde og har rolla som administrasjon for desse.

No kallar politikarane i Hordaland inn til hastemøte på eigarsida.

Les òg:

Vil ta aktiv rolle

Gruppeleiar for Vestland Frp, Terje Søviknes, tok opp uroa rundt Ferde i fylkesutvalsmøtet for Vestland torsdag.

Terje Søviknes, Os

UROA: Terje Søviknes (Frp).

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

– Eg meiner Hordaland og dei andre Ferde-eigarane må ta ei aktiv rolle, ikkje berre sitje passive. Selskapet kan ikkje halde på slik med fellesskapets pengar, seier Søviknes.

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), seier til NRK at ho straks etter møtet torsdag bad fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen om å kalla alle eigarfylka inn til eigarmøte.

– Eg møtte styreleiaren i sommar og bad han gjere greie for situasjonen i Ferde på det tidspunktet. Sidan den gong har mykje ny informasjon kome opp. No må me som eigarar vere proaktive, seier Hestetun og legg til:

– Me i det offentlege lever av tillit i befolkninga. Om me ikkje har tillit, kan me pakke saman. I denne saka er det mange spørsmål. Dei må me få svar på.

Anne Gine Hestetun

HASTEMØTE: Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) ber om hastemøte om Ferde.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Skal granskast

Styreleiar Paul Magne Nilsen i Ferde varslar ein ekstern gjennomgang av saka.

– Eg har tatt initiativ til å få gjennomført ein ekstern gjennomgang av forholda som NRK har tatt opp, i tillegg til nokre andre saker, seier Nilsen til NRK.

Kontrollutvala i to av eigarkommunane, Hordaland og Sogn & Fjordane, har allereie bestilt ei selskapskontroll av Ferde som revisorfirmaet Deloitte er i gang med.

Nilsen er kjend med at det er kalla inn til møte blant eigarane, men vil ikkje kommentere saka utover det.

Det offentlege bomselskapet Ferde blei etablert i oktober 2017 ved at fem fylkeskommunar kjøpte ein del av det tidlegare privateigde bomselskapet BT Signaal. Direktør i Ferde, Trond Juvik, seier i ein artikkel på Ferdes nettsider at det var krevande å gå frå å vere eit privat selskap til å rette seg etter eit offentlig rammeverk over natta.

Millionutbetaling utan anbod

NRK kunne i dag også fortelje at bomselskapet har betalt 1,4 millionar kroner til eit firma som blei eigd av ein av dei tilsette i selskapet.

Ferde baserte seg på kinesisk arbeidskraft for å krevje inn bompengar, og firmaet til den tilsette har organisert delar av dette arbeidet.

Kona til den tilsette overtok kontrakten med bompengeselskapet sommaren 2018, og først i 2019 blei oppdraget lagt ut på anbod.

Verken den tilsette eller kona vil kommentere saka, men kommunikasjonssjefen i Ferde seier avtalene er lovlege.

Blir sak for storfylket

Nyvald fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), kan ikkje kommentera Ferde-saka.

– Vestland fylke blir ikkje part i saka før det nye fylket formelt blir etablert 1. januar 2020. Derfor viser eg til dei noverande fylkesordførarane, seier han.