NRK Meny
Normal

Samanliknar Kygo med The Beatles

Musikkjournalist samanliknar stjerneskotet Kygo med legendane frå Liverpool. – Eg trur ikkje me forstår kor stort dette er.

Kygo spiller i Bergen

FESTIVAL: Berre timar før han skulle avslutta Rio-OL spela Kygo for eit fullsett Koengen i Bergen.

Foto: Øyvind Toft

Eventyret om Kyrre Gørvell-Dallh held fram i rekordfart. Etter å ha spela for ein milliard sjåarar under OL-avslutningsshowet i Brasil, vert DJ-en frå Bergen løfta fram som ein av dei verkeleg store artistane.

– Skal ein samanlikna Kygo med nokon andre, så er det dei aller, aller største, seier NRKs musikkjournalist Bård Ose.

– Kygo med sterk synergieffekt

Ose er programleiar i radioprogrammet P.I.L.S og har skrive bøker om The Beatles og The Rolling Stones.

Ose dreg parallellar mellom Kygo og «The Fab Four» frå Liverpool, skjønt utan å setja prestasjonane til Kygo opp mot suksessen til det engelske rockebandet på 1960-talet.

– Du kan samanlikna Kygo med det The Beatles betydde for Liverpool. Og kva har Elvis betydd for Memphis? Utruleg mykje, både for turistnæringa og musikklivet. Det same kan seiast om Kygo, Bergen og Noreg, seier musikkjournalisten.

Kygo

LANSERING: Førre veke lanserte Kygo sitt eige klesmerke i Oslo. DJ-en frå Bergen har opplevd ein enorm suksess sidan han slo gjennom i 2014.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Lanserte klesmerke

Førre veke lanserte Kygo sitt eige klesmerke "Kygo Life" i Oslo, der han også spelte på Findings-festivalen fredag. Laurdag opptredde han på sin eigen festival på Koengen i Bergen, der han sjølv avslutta showet.

Natt til måndag toppa 24-åringen det som truleg er hans mest hektiske veke så langt under OLs avslutningsseremoni på Maracanã i Rio de Janeiro. Kygo framførte låten "Carry Me" saman med amerikanske Julia Michaels (22).

ose

THE BEATLES: – Skal ein samanlikna Kygo med nokon andre, så er det dei aller, aller største, seier NRKs musikkjournalist Bård Ose.

Foto: CHRISTIAN LURA

Trur effekten vil bli formidabel

– Eg trur Kygo betyr svært mykje for Noreg som musikknasjon, seier høgskulelektor og marknadsføringsekspert ved Handelshøgskolen BI, Morten William Knudsen.

Knudsen trur suksessen vil føra til auka turisme og omtale i internasjonale media. På same måte som death metal-sjangeren har lokka fans til Noreg, trur Knudsen Kygo kan opna nye dører.

– Noreg har tradisjonelt sett vore eit land utan for mange internasjonale stjerner. Me har hatt A-ha og death metal-sjangeren. No markerer Kygo seg på verdskartet i ein moderne sjanger, seier høgskulelektoren.

Morten William Knudsen

FORMIDABEL: Marknadsføringsekspert og høgskulelektor Morten William Knudsen trur suksessen til Kygo betyr mykje for Noreg som turistreisemål og musikknasjon. – Me forstår ikkje omfanget av dette.

Foto: NRK

Ose meiner overgangen frå guterommet i Bergen til den internasjonale artistscena er spektakulær og ufatteleg.

– For nokre år sidan visste ingen kven han var. I dag er han ein av dei største artistane i verda.

Knudsen meiner marknadsføringseffekten kan bli formidabel.

– Det er vanskeleg å fastsetja noko kronebeløp, men eg trur ikkje me forstår omfanget av den nyskapinga Kygo står for.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.