Hopp til innhold

Salet av diesel går ned for første gong

I 2017 kjøpte nordmenn nesten éin prosent mindre diesel enn året før. – Vi har ikkje sett at pilane peiker nedover før, seier SSB.

Pål Henriksen

FRAMLEIS DIESEL: Færre enn før gjer no som Pål Henriksen, og fyller diesel på tanken. – Dette er ein firmabil, så eg må nesten fylle diesel. Men eg er ikkje overraska over at salet av diesel no går ned.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Dieselen fossar og surklar der Pål Henriksen står og fyller drivstoff på Danmarks plass i Bergen.

– På desse gamle firmabilane våre er det diesel det går i. Eg trur nok at mange vil fylla det ei god stund til, men det blir nok fleire og fleire som går over til elbil, seier Henriksen.

Han får støtte frå statistikken.

I 2017 blei det seld 37 millionar liter mindre diesel enn året før, viser heilt ferske tal NRK har fått laga av Statistisk sentralbyrå (SSB).

Nedgang på 0,9 prosent

I perioden 2012–2016 auka dieselsalet jamt og trutt, ei auke som har vart endå lenger tilbake i SSB sin statistikk.

Så stoppa det i fjor.

Frå 2016 til 2017 gjekk salet ned med 0,9 prosent.

– Det er første gong vi ser at pilane går nedover og at vi får ein reduksjon. Den er rett nok liten, men det er ein nedgang, og det er interessant, seier Guro Henriksen i SSB.

– Denne utviklinga heng nok saman med endringane vi ser i bilparken, der mange nyregistrerte bilar no er nullutslepps- eller hybridbilar, seier Henriksen.

I haust sette Bergen og Noreg «verdsrekord» i salet av nye elbilar.

Og ferske tal for 2017 viser at elektriske bilar tek stadig større del av kaka av nye bilar (sjå faktaboks).

Blir dyrare for dieselbilar

– Dette er eit teikn på at vi bevegar oss i riktig retning for miljøet, seier Venstre sin klimabyråd i Bergen, Julie Andersland.

Bergen er ein av byane som har sett inn kraftige tiltak mot diesel.

– Når det er varsla høg luftforureining kan kommunen femdobla bompengetakstane for både diesel og bensin. Nye bompengar vil også snart gjere det dyrare for dieselbilane enn bensinbilane, seier Andersland.

Dei miljødifferensierte bompengetakstane (ekstern lenke) skal etter planen vere like rundt hjørnet.

Trur du dette er med på å få færre til å velje diesel?

– Når fossile bilar i stor grad må betale mest i storbyane, påverkar nok det folk sine kjøpevanar, seier klimabyråden.

Julie Andersland

GODT TEIKN: – Eg er sjølvsagt glad for at salet av diesel no går ned, seier klimabyråd Julie Andersland i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fryktar dieselbilar blir «uglesett»

– Redusert dieselsal viser at politikken som har vore ført har verka. Det å stimulera til kjøp og bruk av elbilar har vore eit riktig tiltak, seier avdelingsdirektør Liv Røssland i NAF avdeling Bergen og Omegn.

Ho er likevel uroa for framtida til dieselbileigarane.

Liv Røssland

MEIR ELEKTRISK: – Nedgangen i dieselsalet er nok ein naturleg konsekvens av at fleire køyrer elbil, seier Liv Røssland i NAF avdeling Bergen og Omegn.

Foto: Elise Farestveit / NRK

I den nye regjeringsplattforma (ekstern lenke) heiter det nemleg at avgifta på diesel kan bli auka viss det blir naudsynt for å nå målet om at heile nybilsalet innan 2025 er nullutsleppsbilar.

– Vi er uroa for å kome i ein situasjon der dieselbilar blir uglesett. Vi meiner at dei som bur og køyrer i distrikta ikkje skal ha dårleg samvit om dei køyrer dieselbil. seier Røssland.